Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Liding

Frå skade til skapande

For nokre kan ulykker, liding, sjukdom og funksjonshemning omformast til kreativ driv.

Då åtte år gamle Kjell kom ut på fortauet i Hillevåg nyttårskvelden 1945, ville han berre ut for sjå på livet og rakettane, men turen enda med å endra heile livet for han. Noreg var fritt igjen, og mange feira nok denne nyttårskvelden ekstra kraftig. Det som skjedde, var at ein nyttårsrakett for rett i fortauet og rikosjetterte opp mot Kjell for så å eksplodera i ansiktet hans. Eine auga og halve ansiktet vart blåst vekk i eksplosjonen.