Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Luftslag for ny regjering

FLY FORBANNA: I dag vedtek EU nye arbeidsreglar for pilotar. - Ei ny regjering må krevje unntak, seier leiaren i Norsk Flyverforbund, Petter Førde.

I dag vil dei fire borgarlege partia etter alt å døme avklare kven som skal sitje i regjering og kven som eventuelt går i opposisjon. Samstundes kjem transportkomiteen i EU-parlamentet med dramatiske endringar i arbeidstidsreglane, som vil få direkte konsekvensar for norske pilotar.