Fredag 3. mai 2013
Fuglehus for kunnskap
«Hus for et utvalg norske fugler» er eit svar på Arne Johan Vetlesens miljøutfordringar i Klassekampen.

Kan ein alarmerande aviskronikk om tap av artsmangfald i norsk fauna inspirera arkitektur? Absolutt.


Provet kan ein sjå i utstillinga «Under 40. Ung norsk arkitektur 2013», som opnar i Arkitekturmuseet i Oslo i dag.


- Vi freistar å ha eit miljøperspektiv på arbeidet vårt og finna berekraftige løysingar på oppdraga. Det ville vi også tematisera i denne utstillinga og då eg las Arne Johan Vetlesens kronikk i Klassekampen kom den konkrete ideen, fortel Aslak Haanshuus i Huus og Heim Arkitekter.


Firmaet er eitt av to som er valt ut til å laga ein ekstra installasjon i paviljongen bak museet. Tilbygget er ein dominerande konstruksjon, teikna av Sverre Fehn, med store glasflater til vegger, der vårsola no strålar inn. Ned frå taket har Haanshuus hengt 100 fuglekasser i ulike storleikar, alle påført ei kort tekst om kva fuglar som kan bu der og korleis livsvilkåra for fuglen er. Nær halvparten av kassane har innlagt fuglesong. Å gå inn i installasjonen er litt som å koma ut i skogen.


Stort engasjement


- Det er veldig artig å sjå at nokon andre, frå eit heilt anna felt enn mitt eige, har tatt opp hansken, seier Arne Johan Vetlesen, medan han studerer Haanshuus’ fuglekassar.


Filosofen har i snart ti år skrive fast, og helst om miljøspørsmål, i spalta «Homo politicus». Teksten som inspirerte Haanshuus, «Plutselig var de borte», stod på trykk før jul i fjor.


- Dei siste tre-fire åra har eg fått aukande lesarrespons på spaltene mine og nettopp denne spalta førte faktisk til rekordtilbakemelding.


- Tekstar som tar utgangspunkt i konkrete naturerfaringar og greier å knyta dei til politiske spørsmål, er det som engasjerer folk mest. Den reine politiske debatten har jo vorte veldig teknisk og abstrakt.


Temaet for Vetlesens spalte var tapet av artsmangfald som følgje av klimakrisa og korleis nye generasjonar lett tilpassar seg ein tømd natur, fordi barn ikkje får førstehandskjennskap til ulike landskap og dyr lenger. Friluftsområda er gradvis blitt borte og barna lever sine liv innandørs. Dei kjenner alle karakterane i Star Wars, men kan ikkje skilja ei meis frå ein spett.


- Det var dette skremmande poenget eg festa meg ved også, seier Haanshuus.


Installasjonen, som har fått tittelen «Hus for et utvalg norske fugler», vil nettopp yta meir kunnskap om artane i norsk natur. Fuglekassene gav seg sjølv:


- Det er jo eit hus og det minste prosjektet ein arkitekt kan gje seg i kast med.


Kassene er ikkje «fancy» eller «arkitektsnobbute», som Haanshuus kallar det, men «streit snekkeri».


- Gjer det enkelt


Det enkle og nære er også ei rettesnor for miljøprofilen til Huus og Heim Arkitekter, firmaet Haanshuus driv saman med Børge Opheim. Filosofien står ikkje i motstrid til at fleire av dei originale prosjekta deira har vekt merksemd i internasjonale designmiljø.


Å kopla miljømedvit til arkitekturyrket har vore ein læringsprosess.


- Vi lærte ingenting om dette på arkitekthøgskolen, så eg vil kalla det vi driv med utforsking. Rekneskapen for kva som er miljøvenleg arkitektur og ikkje, er svært kompleks, seier Haanshuus.


Han dreg i tvil mange av kriteria som blir brukte i dag, som han meiner baserer seg på ein teknologioptimistisk illusjon.


- Ein einebustad på 300 m² kan få topp miljøsertifisering. Det meiner eg er absurd. Det er den totale energi- og ressursbruken som er avgjerande. Eg har tru på å gjera minst mogleg og gjera det enkelt, men som profesjonelt firma, er vi ikkje i posisjon til å vera kompromisslause. Vi må vurdera ut frå kvart prosjekt kva som er mogleg å leggja til rette for.


I den store utstillinga, der dei unge arkitektkontora får presentera seg sjølve, har Huus og Heim også ein rasteplass langs den nasjonale turistvegen i Hardanger. Der har dei gjenbrukt 15.000 kubikkmeter sprengstein, som vart att då vegen vart rassikra.


- Sjølve vegprosjektet har her, som mange andre stader, laga eit stort sår i landskapet, og forma på rasteplassen er også ein rekonstruksjon av det opphavlege naturmiljøet, fortel Anne Marit Lunde, kurator for «Under 40. Ung norsk arkitektur 2013».


Samfunnsengasjerte unge


Anne Marit Lunde har plukka ut elleve arkitektkontor til utstillinga, som ho meiner samlar det mest spanande i norsk arkitektur nett no.


- Den nye generasjonen sit ikkje og ventar på oppdrag, men tar initiativ og kjem med utkast til moglege løysingar på utfordringar. Ikkje alle har funne sitt uttrykk enno, men alle har eit klårt prosjekt, seier Lunde.


Eit hovudpoeng med utstillinga er å visa spennet mellom store og små i den unge arkitekturen og særpreget ved dei ulike kontora.


- Det ukommersielle «Fellesskapsprosjektet å Fortette Byen» driv nærast aksjonskunst, blant anna gjennom Rom-ambassaden på Tullinløkka, medan eit firma som Rodeo Arkitekter har samfunnsvitarar i staben. Dei legg vekt på tverrfagleg samarbeid og å involvera brukarane heit frå starten av prosjekta. Dei arbeider no med hamnepromenaden i Oslo. Lala Tøyen arbeider opp mot landskapsarkitektur, og på deira stasjon kan du sjølv planta eit frø og ta med heim, seier Anne Marit Lunde.


Utstillinga vil også vise at arkitektur er mykje meir enn det vi først assosierer med ordet. Eriksen og Skajaa Arkitekter, til dømes, gjev ut bladet Pollen, der dei har tatt opp kollektive buformer, mangelen på bustadpolitikk og okkupasjon av hus i byen.


Mellom dei mest etablerte firmaa, er Atelier Oslo, som arbeider med det nye hovudbiblioteket i Oslo og som har stilt ut den store installasjonen «Kroppsrom», ein 3D-utskoren konstruksjon i kryssfiner, sett saman av over 600 delar.


Når utstillinga er over i slutten av september, blir det kanskje høve for publikum til å ta med seg Huus og Heims fuglekassar til gjenbruk. Vonleg endar dei ute i naturen.


gurik@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.53
Onsdag 19. september 2018
Kulturbyråd Rina Mariann Hansen (Ap) vil opprette en egen pressestøtteordning for Oslo-aviser. – Vi ønsker en bredere offentlighet av hensyn til lokal­demokratiet, sier hun.
Tirsdag 18. september 2018
60 aviser risikerer å gå dukken dersom Stortinget åpner for postomdeling annenhver dag, advarer Landslaget for lokalaviser. – Dette forslaget er helt vanvittig, sier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.
Mandag 17. september 2018
Filmskaper Deeyah Khan har reist hjem til amerikanske høyreekstremister for å intervjue dem. Hun mener det er en dårlig idé å nekte folk en talerstol.
Lørdag 15. september 2018
Hvor kommer det fra, ønsket om å nekte folk en talerstol? Forskere peker på identitets­politikk, populisme og «hyperfølsomhet» som forklaringer.
Fredag 14. september 2018
Filmparken ber regjeringen oppheve tidligere vedtak om å selge til høystbydende. Dramaserier som «Heimebane» har blåst nytt liv i det nedleggingstruede filmstudioet.
Torsdag 13. september 2018
Museene i Akershus overtar gjerne den kuriøse samlingen til kunstner Guttorm Guttormsgaard. Men det vil koste millioner å ta imot 30.000 bøker, kunstverk og bruksgjenstander.
Onsdag 12. september 2018
Margit Sandemo var begeistret for at «Sagaen om Isfolket» endelig var klar i lydformat. Men dagens bokavtale gjør at lydbøkene ikke kan legges ut for strømming før til neste vår.
Tirsdag 11. september 2018
Ideen om at vi må slippe til ekstreme holdninger for å hindre at de sprer seg, har lite belegg i forskningen.
Mandag 10. september 2018
Vänsterparti-politiker Ali Esbati avviser ideen om at Sverigedemokraterna har vokst fordi partiet har blitt boikottet.
Lørdag 8. september 2018
Tre nye bøker om kjønn og makt – ett intervju. Helene Uri, Anne Bitsch og Hedda Lingaas Fossum ser både håp og tusen år gamle strukturer.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk