Amazon tatt for overtramp

Nettbokgiganten Amazon møter sterk kritikk etter avsløringar av elending behandling av sesongarbeidarar i Tyskland. - Arbeidarane betalar prisen for våre billige bøker, seier fagforeiningsleiar.

Kroppsvisitasjonar, konstant overvaking og grov personhets. Dette er berre noko av det dei tilsette ved lagerlokala til Amazon i den tyske byen Bad Hersfeld har gått gjennom for mellombelse, lågtlønte stillingar i verdas største netthandel.