Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 23. mai, 2013

Prosessen

Prosessen

Mandag 23. april, 2012

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Etter første veke av 22. juli-saka har ordet «sirkus» forsvunne frå mediebiletet. Rettssaka er så langt frå sirkus som ein kan komme. Atmosfæren i rettssal 250 og i Oslo tinghus er prega av det djupe alvoret som saka krev. Den verdige avviklinga av rettsforhandlingane smittar over på pressefolk, tilhøyrarar, tryggjingsvakter og også publikum på utsida av tinghuset. Det same gjer framferda til dei overlevande og pårørande, og deira representantar. Oslo tingrett og Domstolsadministrasjonen har all ære av den praktiske avviklinga. Her får alle gjera jobben sin utan tilløp til kaos, trass i det enorme medietrykket frå inn- og utland.
  • Internasjonal presse har uttrykt både beundring og undring over den opne prosessen. Somme meiner at retten tek med silkehanskar på Anders Behring Breivik, og at han får utfalde seg for mykje om sin groteske miks av politisk fanatisme og grenselaus brutalitet. Rettstradisjonar er ulike, og det kjem fram motforestillingar som er viktige i konsensusstemninga som vi kjenner att frå tida etter 22. juli. Men hovudspørsmålet er enkelt: Straffesaka mot Anders Behring Breivik skal følgje prinsippa som i ein rettsstat skal gjelde alle. Det gjev han retten til å forklare seg. Sjølv om det har vore fælsleg å høyre på, er dette også naudsynt om ein skal kunne fatte grunnlaget for ugjerningane.
  • Det er all grunn til å forsvare humane rettsprinsipp, der andre land har møtt terror med hemn, overgrep og åtak på demokratiske rettar. Men den liberale praksis i vårt system kan også gå for langt i Breiviks favør. Det har vore til skade at Breivik har hatt tilgjenge til mediedekninga medan han har forklart seg over fleire dagar. Dette har gjort det mogleg for han å nytte sine utvilsame evne som manipulator og seljar av bodskap, som han sjølv seier, til å tilpasse forklaringar og framferd, på ein måte som gjer det vanskelegare for retten å komme til kjerna av det avgjerande spørsmålet om Breiviks sinnstilstand. Det generelle medieforbodet er oppheva, men det kunne med fordel vore innført i dagane då Breivik forklarer seg. No er dette dessverre for seint.
Innenriks
Torsdag 23. mai, 2013
Full strid på borgerlig side

Full strid på borgerlig side

KAOS: Det er fullt kaos på borgerlig side etter at KrF og Venstre i går åpnet for budsjettsamarbeid med Ap. Nå avviser Siv Jensen at en mindretallsregjering av Høyre kan løse floken.
Utenriks
Torsdag 23. mai, 2013
«Alle som bor her ute er uansett fordømt allerede»

«Alle som bor her ute er uansett fordømt allerede»

GLEMT: Svenske politikere vil ikke snakke om forholdene i Stockholms forsteder før ungdommene setter fyr på biler. Da får de en ny ungdomsklubb.
Kultur & medier
Torsdag 23. mai, 2013
Til kjernen av saken

Til kjernen av saken

Når man velger å skrive om saksforhold, gir det en etisk forpliktelse til ikke å tildekke virkeligheten med elegante metaforer, mener Espen Stueland.
Dagens leder
Torsdag 23. mai, 2013
Bjørgulv Braanen
Utvikling

Utvikling

Dagens leder
Powered by eonBIT