KOMMENTAR: Dei massive minna og tunge tankane kvernar i AUF-arane.
«Det er overalt», sukkar 16-åringen. Han kom seg uskadd frå Utøya 22. juli, men dei massive minna og tunge tankane kvernar i han. No kvir han seg til rettssaka som startar måndag. Da skal alt det vonde lysast opp igjen. Dei blinkande lysa er ikkje frå ambulansar på veg til Utøya, og dei klaprande lydane stammar ikkje frå helikopteret som svevar over Tyrifjorden. Blitsane vil blenkje, og fotoapparata vil knitre som lyddempa automatvåpen. Ein hær av pressefolk erstattar politifolka som omsider kom. Han er overalt. Denne gongen forfølgjer han dei ikkje frå kafébygget, Nakenodden eller Pumpehuset. No flimrar han over fjernsynsskjermane, og kjem mot dei på nettsidene og i avisene. Anders Behring Breivik møter dei alle stader, i samtalane med psykologen, i diskusjonen i klasserommet og i praten med bekymra foreldre. Nokon av ungdommane klarar seg ganske fint gjennom kvardagen, og enkelte snakkar gjerne om opplevingane, også til journalistar. Men fleire føler at dei ikkje klarar å komma seg unna, at dei heller ikkje no finn ein plass å gjømme seg. Dei maktar ikkje å bla forbi bilda som har festa seg på netthinnene. Demonane blir med dei inn i natta, gjer det vanskeleg å sovne og tungt å vakne til ein ny dag. AUF-arane opplevde at dei mista kontrollen over liva sine på Utøya. No mistar dei kontroll igjen, når dei ikkje får skjerma seg mot mediekjøret, eller når historiene og politiforklaringane deira blir bretta ut i avisene. Igjen og igjen. Blant dei overlevande, pårørande og etterlatne finst det enkelte som meiner at media bør skrive minst muleg om massemordaren. Men den store majoriteten ser at pressa har avdekt viktige manglar i beredskapen til politiet, og gjort saka betre opplyst. Mange er glade for lekkasjane av den første sakkunnigrapporten, og at pressa bidrog til at det kom ein ny. Bilda av Breivik på framsidene av avisene har opprørt flest av dei som vart ramma. Pressens faglige utvalg (PFU) har rett nok dømt fleire media for brot på god presseskikk. Men sjølv om PFU ser at framsidene er belastande for dei pårørande, vart Dagbladet frikjent etter at dei så tidleg som midt i september hadde hatt 36 framsider med bilde av massemordaren. Det er eit tankekors at omfanget av mediedekking ikkje blir sett på som eit presseetisk problem. No blir volumet skrudd opp. 1.500 journalistar skal følgje rettssaka, og dei skal fylle endelause sendeflater og spaltemeter. «Jeg er lei av hele saken,» sa eit intervjuobjekt til NRK Radio denne veka, allereie før rettssaka har starta. 68 prosent av dei spurte i Medieundersøkelsen 2012 meiner at det har vore for mykje medie-dekking av Breivik og terrorsaka, noko halvparten av dei spurte journalistane også er samde i. Det er fare for at medietrykket blir så intenst og langvarig at mange sluttar å bry seg om saka. For det blir jo ikkje slutt når dommen kjem i juni. Da skal det lagast saker om valdsoffererstatningane, da ventar minnemarkeringane og rapporten frå 22. juli-kommisjonen – og så kjem vel ei ankesak. Han er overalt, og han blir her lenge. Ingen kjem unna merksemda og det enorme medietrykket. Faren er at ungdommar frå Utøya blir retraumatiserte, at Breivik får ein talarstol som gjer at han får spreidd hatet sitt – og at folk flest rett og slett går blir leie av saka. Slik må det ikkje gå. Vi må bruke rettssaka til å rive ned heile det hatefulle tankegodset til Breivik, og hindre at andre byggjer vidare på det. Vi må vise dei overlevande og etterlatne ei framtid der han ikkje er overalt.