Dagens leder
* Den psykiatriske rapporten som slo fast at Anders Behring Breivik er strafferettsleg utilrekneleg har utløyst ein omfattande og temmeleg oppheita debatt sidan han kom i november. Psykiatrar, juristar og andre fagfolk har sett spørsmålsteikn og sådd tvil om konklusjonane til dei sakkunnige. Men først og fremst har rapporten og debatten om han skapt allmenn tvil og uvisse om korleis Breivik vil og bør bli møtt av rettsapparatet. Mange har vanskeleg for å slå seg til ro med at psykiatrane sine vurderingar av at Breivik ikkje er tilrekneleg. Fleire bistandsadvokatar har varsla at dei vil krevje ein ny psykiatrisk rapport, i samband med at fristen for dette går ut i morgon.