Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Mandag 25. juli, 2011
Planlegg propagandasak
I uniform: Dette biletet syner Anders Behring Breivik i tempelriddaruniform. Biletet er henta frå ein video på nettstaden YouTube.

Planlegg propagandasak

Mandag 25. juli, 2011

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Kampanje: Anders Behring Breivik ønskjer å bruke rettssaka mot seg som eit propagandaframstøt mot «kulturmarxistiske landssvikarar». Det skriv han i sitt 1500-sider lange terrormanifest.

«Hugs, rettssaka er (frå vår ståstad) ikkje mot deg, men heller ei rettssak mot regimet», skriv Anders Behring Breivik, mannen som er sikta for å ha sprengt regjeringskvartalet og avretta 86 ungdommar på Utøya, i sitt manifest.

Han publiserte manifestet på internett kort tid før han detonerte bomba ved regjeringskvartalet. Delar av skriveriane er kopiert frå den amerikanske Una-bomberen sitt manifest frå 1995.

Vil krevje makta

I sine retningslinjer for andre «tempelriddarar» skildrar Breivik korleis terroraksjonar best skal utførast og korleis rettssaka etterpå skal snus til å verte eit PR-show for Breiviks høgreekstreme program.

Breivik ventar å verte funne skuldig i drapa. Han skal likevel ha erklært seg uskuldig i brotsverk, av di drapa i hans meining er moglege å rettferdiggjere i kampen mot Islam og vestlege medløparar. Han skal fortelje retten at drapet på dei til saman 92 verjelause menneska var «sjølvforsvar, gjennom eit forkjøpsangrep».

I rettssaka skal Breivik krevje at Stortinget gjev opp kontrollen av landet til eit rådsorgan av «dei 20 mest dedikerte og pålitelege konservative / patriotiske leiarar i landet». Han skal krevje tid til å etablere unntakstilstand og ein lojal hær av om lag 2000 soldatar.

Breivik syner stor sjølvinnsikt i manifestet: «Når du er ferdig med å presentere krava dine, vil dommarane og publikum etter alt å døme le rumpa av seg og nedlate deg for å vere latterleg».

Alt dette skal Breivik ta med største ro, for å la den langsiktige bodskapen sive inn.

«Ved å presentere dei følgjande skuldingane og krava i største alvor, førebur vi alle som lyttar for konfliktane og scenaria som kjem. Dei vil le i dag, men i bakhovudet vil dei ha ein smule frykt, respekt og beundring for vår sak og den alternative autoriteten vi utgjer».

- Treng samd advokat

Alle Breiviks rørsler stadfestar at han følgjer retningslinjene i sitt eige manifest til punkt og prikke. Sjølve terroraksjonen var òg heilt i tråd med Breviks program (sjå undersak).

n Han overgav seg utan motstand til politiet, for å få ei rettssak.

n Han har erklært å stå bak terroraksjonen.

n Han bad om eit ope fengslingsmøte, for å få kringkasta sitt program.

n Han bad om ein spesifikk advokat, Geir Lippestad, til å forsvare seg.

I manifestet ber Breivik innstendig sine meiningsfeller om å aktivt leite etter ein «nasjonalistisk orientert» advokat.

Advokaten treng ikkje skrive under på Breiviks metodar (massedrap), men må vere «villig til å hjelpe deg ideologisk» ved å mellom anna gje terroristen ein tempelridder-uniform han kan ha på seg under rettssaka og byggje ein sak mot «regimet».

Lippestad er tidlegare kjent for å ha forsvart Ole Nicolai Kvisler, som i 2001 vart dømt for det rasistisk motiverte drapet på Benjamin Hermansen.

Klassekampen har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Lippestad om kva han tykkjer om å verte karakterisert slik av Breivik, eller om han vil gå med på Breiviks krav. Til NRK seier Lippestad at han ikkje veit kvifor Breivk ba om nettopp han.

Krev å lese opp manifest

Eit av Breiviks krav til ein skikka advokat, er å la Breivik lese opp sine innleiande og avsluttande fråsegner til retten.

I fråsegna samanliknar han seg med Sitting Bull og andre indianarhøvdingar som kjempa mot utalandske imperialistar. Breivik trur alle muslimar vil innføre sharia, og at det er kristnes plikt å kjempe mot.

Slik han ser det har Europa vore i borgarkrig sidan 1999, då vestlege Nato-styrkar kjempa mot kristne serbarar for å verje muslimske kosovoalbanarar. Han ser for seg ein tre-fasa krig kor muslimane gradvis vil forplante seg til å stå for halvparten av Europas befolkning innan 2083.

Fleire høgreekstreme har spurt seg om kvifor han gjekk til åtak på «nordmenn» og ikkje direkte på muslimane. Brevik svarar på dette i manifestet: Slik han ser det er muslimane «ville dyr», som ikkje kan skilje mellom rett og gale. Heller bør kristne gå til åtak på «multikulturalistar» og andre vestlege som tillet muslimsk innvandring, skriv Breivik.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT