Torsdag 25. november 2010
- Venstresida tek feil
Filmen «Frihet, likhet, Det muslimske brorskap» går hardt ut mot venstresidas innvandringspolitikk. Regissør Walid al-Kubaisi håpar han kan vekkje norske intellektuelle.

- Filmen min er retta mot den norske venstresida. Dei tek feil. Den er også retta mot norske myndigheiter som har valt Den muslimske brorskapen til samtalepartnar. Dei tek òg feil, seier regissøren av filmen «Frihet, likhet, Det muslimske brorskap».


Walid al-Kubaisi har laga ein dokumentarfilm om dei moderate islamistane. Filmen har fått stønad frå Fritt ord og skal visast på Vika kino i kveld. Al-Kubaisi vonar filmen vil skapa stor debatt i Noreg. Han har også ein tredje mottakargruppe til filmen, seier han:


- Filmen er også retta mot nye innvandrargenerasjonar: Ver klar over ideologien bak islamismen. Han fôrar dykk med næring og brukar dykk i eit farleg politisk spel.


- Kva effekt håpar du filmen vil ha i Noreg?


- På grunn av klagemåla for islamfobi og islamhets som kritikarane av radikal islam har fått retta mot seg, er debatten om islamisme og integrering av innvandrarar parallellisert i Noreg. Dette er å overdrive. Debatten om integrering må køyrast samtidig med kritikken av islamismen. Med filmen ynskjer eg å føre debatten på riktig veg.


Demokratiet


Den raude tråden i filmen går fram av tittelen. «Fridom, likskap og brorskap» er dei kjende slagorda frå den franske revolusjonen. Desse tre omgrepa definerer demokratiet, fortel al-Kubaisi:


- Demokratiet er den største oppfinninga til Vesten. Det er ikkje oppfinningane til Newton eller Einstein som representerer høgdepunktet i vestleg vitskap og tenking, men demokratiet - nettopp fordi demokratiet skapte den vokstergrunnen som gjorde det mogeleg for tenkjarar som Einstein å bringe samfunnet framover.


- Men i tittelen er «brorskap» bytt ut med «Den muslimske brorskapen». Kvifor?


- Den muslimske brorskapen er ein islamsk fundamentalistisk organisasjon med forgreiningar i både muslimske og ikkje-muslimske land. Målet deira er å arbeide for ei islamistisk vekking og få politisk makt i dei landa der det finst muslimar. Representantane for brorskapen kallar seg gjerne for moderate, men politikken deira er ikkje i samsvar med demokrati og menneskerettar og bør difor motarbeidast.


Filmen blir på nettsidene til Fritt ord skildra som er ei personleg reise i den muslimske verda med Walid al-Kubaisi som reiseførar. Han talar med folk som står i vidt ulike relasjonar til Den muslimske brorskapen. På den eine sida kjem sentrale intellektuelle som lever med trugsmåla frå islamismen til orde - som den venstreradikale Rifat al-Said som blir rekna som ei av dei sterkaste motrøystene til islamismen i Egypt. På den andre sida får representantar for Muslimbrørne uttrykkje seg, slik som Mahdi Akif, formannen i rørsla.


Ingen fornying


Det er nettopp skorten på framsteg og vitskap som kjenneteiknar den islamittiske retninga av islam, ifylgje mange av intervjuobjekta i filmen. Walid al-Kubaisi har søkt opp ingen ringare enn bror til grunnleggjaren av Den muslimske brorskapen, Gamal al-Banna som i dag er 90 år. Grunnleggjaren av rørsla, Hassan al-Banna, døydde i 1949. Gamal al-Banna er ein framståande islamsk teolog slik som bror sin, men han er ikkje samd med politikken til rørsla, fortel al-Kubaisi.


- Gamal al-Banna seier islam ikkje har utvikla seg på tusen år. Dei etterliknar berre tidlegare steg i utviklinga til religionen. Han strekar under at Koranen nettopp seier at ein ikkje skal etterlikne som aper, men utvikle seg framover.


Hijab


- I denne sekvensen i filmen blir òg eit tredje medlem av Al-Banna-familien omtala?


- Ja, syster til Hassan og Gamal al-Banna. Vi hentar fram eit bilete av henne som viser at ho ikkje bruka hijab. Ho var ein like heilhuga muslim som bror sin, Hassan al-Banna. Men like fullt gjekk ho utan hijab.


- Men står det ikkje i Koranen at kvinnene skal dekkje seg til?


- Nei, det står ingenting om det i Koranen, og det seier Gamal al-Banna klårt og tydeleg. Han sannar at Koranen nemner om eit klede som kvinner skal dekkje til brystet med, men ein særskild klesdrakt til å dekkje hovudet med, finst det ingen tale om.


I same sekvens av filmen illustrerer Walid al-Kubaisi kor stor spreiinga av hijab-bruken har vore sidan al-Banna-søskena var unge. På eit foto frå eit årskull frå universitetet i Kairo frå 1970-talet har ingen av dei kvinnelege studentane hijab, medan på eit foto frå midten av 1990-åra ber alle kvinnene hijab. Det er ein konsekvens av politikken til Den muslimske brorskapen, vektlegg al-Kubaisi.


Ikkje religionskritikk


Som det går fram av nettsida til Fritt Ord er dette ikkje ein film om islam, men om trugsmålet frå radikale islamistar. Berre ein liten del av muslimane i verda i dag er radikale.


- Ayaan Hirsi Ali sa til Klassekampen på laurdag at ho i det heile ikkje trur på dialog med muslimane. Men du er altså usamd med henne?


- Vi står på ulike sider av den politiske aksen. Ho er dessutan ateist, eg er truande muslim. Filmen handlar om dei radikaliserte muslimane, som er i mindretal. Problemet er at dei blir lytta til og får stadig større påverknad i Vesten.


Walid al-Kubaisi kjem i denne samanhengen inn på ulike retningar av islam. Islam er som andre religionar delt opp i ulike konfesjonar. Kritikken hans går ikkje på tolkingar av islam, men ei politisering av islam, vektlegg han.


- Når ein nordmann kritiserer eit bestemt punkt i det politiske programmet til KrF, går han ikkje laus på heile kristendomen. Det same gjeld for min kritikk av islamismen. Det er den politiske ideologien og ikkje religionen til Den muslimske brorskapen eg reagerer på.


Venstresida


- Filmen hevdar at Den muslimske brorskapen dukkar opp i ulike land med forskjellig namn. Er det ikkje konspiratorisk å tru at Den muslimske brorskapen har løynde kontaktar i alle land?


- Det er sanninga og ingen konspirasjon. Når det i Noreg, som i andre vestlege land, blir oppretta nye muslimske forbund, står Den muslimske brorskapen attom, endå det ikkje kjem fram i namnet til forbundet. Dette er noko alle som kjenner miljøa veit.


I filmen kjem dessutan Rifat al-Said til orde, fortel al-Kubaisi. Han er venstreradikal samtidig som han er kritisk til islamismen. Den muslimske brorskapen er forbode i Egypt og agiterer mot makta like mykje som venstresida i egyptisk politikk. Al-Said har sete 14 år i egyptisk fengsel saman med radikale muslimar. Om dei har felles fiende, er Al-Said likevel i stand til å erkjenne dei udemokratiske trekka ved ideologien til Muslimbrørne, streka al-Kubaisi under.


- Når eg spurde al-Said kva han tykte om sambandet som finst mellom europeiske venstreradikale og radikale muslimar i Vesten, rista han på hovudet. Når vi greier å operere med to frontar samtidig, må dei òg klare det. Noko anna er politisk idioti.

Artikkelen er oppdatert: 22. oktober 2013 kl. 10.38
Lørdag 22. september 2018
Aviser i Sogn og Fjordane og i nord rammes hardest dersom antall postdager kuttes, viser Klassekampens gjennomgang.
Fredag 21. september 2018
Et ekspertutvalg vil kutte statsstøtten til private høyskoler med færre enn 500 studenter. Nå er flere skoler i ferd med å bli kjøpt opp av Høyskolen Kristiania.
Torsdag 20. september 2018
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) mener medie­bransjen må forstå at staten ikke kan betale hundrevis av millioner kroner for å få delt ut aviser over hele landet.
Onsdag 19. september 2018
Kulturbyråd Rina Mariann Hansen (Ap) vil opprette en egen pressestøtteordning for Oslo-aviser. – Vi ønsker en bredere offentlighet av hensyn til lokal­demokratiet, sier hun.
Tirsdag 18. september 2018
60 aviser risikerer å gå dukken dersom Stortinget åpner for postomdeling annenhver dag, advarer Landslaget for lokalaviser. – Dette forslaget er helt vanvittig, sier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.
Mandag 17. september 2018
Filmskaper Deeyah Khan har reist hjem til amerikanske høyreekstremister for å intervjue dem. Hun mener det er en dårlig idé å nekte folk en talerstol.
Lørdag 15. september 2018
Hvor kommer det fra, ønsket om å nekte folk en talerstol? Forskere peker på identitets­politikk, populisme og «hyperfølsomhet» som forklaringer.
Fredag 14. september 2018
Filmparken ber regjeringen oppheve tidligere vedtak om å selge til høystbydende. Dramaserier som «Heimebane» har blåst nytt liv i det nedleggingstruede filmstudioet.
Torsdag 13. september 2018
Museene i Akershus overtar gjerne den kuriøse samlingen til kunstner Guttorm Guttormsgaard. Men det vil koste millioner å ta imot 30.000 bøker, kunstverk og bruksgjenstander.
Onsdag 12. september 2018
Margit Sandemo var begeistret for at «Sagaen om Isfolket» endelig var klar i lydformat. Men dagens bokavtale gjør at lydbøkene ikke kan legges ut for strømming før til neste vår.

Klassekampen benytter informasjons­kapsler (cookies) så vi kan gi deg bedre service, og for å holde styr på om du er logget inn på våre tjenester. Du kan lese mer om vår bruk av informasjons­kapsler her.

Lukk