Irritert: Bellona og Zero argumenterer for kraftlinjene samstundes som dei tek imot støtte frå Statnett og andre utbyggjarinteresser. Dette irriterer leiaren for folkeaksjonen Bevar Hardanger.
- Det er grunn til å spørje seg kor habile miljøstiftingane Zero og Bellona er i Hardanger-saka, så lenge Statnett er blant deira største sponsorar. Dei har synt ei feig haldning, og sett i lys av sponsorane deira tykkjer eg ikkje sensasjonsoppslaga deira er særleg truverdige, seier Audun Klyve Gulbrandsen, leiar for folkeaksjonen Bevar Hardanger.