Dagens leder
* LO har i hovudsak komme bra frå tariffoppgjeret, og fleire viktige streikar er gjennomført utan å bli stoppa av lønsnemnd. Men i skuggen av dette gjekk fagrørsla på eit alvorleg nederlag då streiken for tariffavtale ved entreprenørfirmaet Åsmund Pettersen & Sønn på Jevnaker vart avslutta utan resultat. Etter ti veker i forgjeves streik er medlemene i Norsk Arbeidsmandsforbund tilbake på jobb i dag, hos ein stribukk av ein arbeidsgjevar som med tålmod og omfattande streikebryteri nedkjempa fagrørslas krav om å få tariffavtale. Streiken var liten i omfang, men av stor prinsipiell betydning. LO pleier vinne slike kampar mot mindre arbeidsgjevarar, og det er eit dårleg signal for arbeidslivet at den fagforeiningsfiendtlege entreprenøren klarte å stå imot.