Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Mandag 19. april, 2010
«Hjernevask» i bokform
Forfattar: Ole-Martin Ihle, bakmann for NRKs «Hjernevask» er ikkje blind for sosiale forklaringar, men meiner evolusjonen er grunnleggjande.

«Hjernevask» i bokform

- Det er skremmande kva ein virvlar opp av grums, seier Ole-Martin Ihle om «Hjernevask»-debatten.

I kveld viser NRK det siste programmet i sin populærvitskaplege og oppsiktsvekkjande populære serie «Hjernevask», om arv og miljø. Samstundes lanserer dei to programskaparane bak serien, Harald Eia og Ole-Martin Ihle, boka «Født sånn eller blitt sånn? Utro kvinner, sjalu menn og hvorfor oppdragelse ikke virker» (Gyldendal). Her kjem det som det ikkje vart rom for i fjernsynet.

Den enorme responsen på serien er interessant på fleire vis: På den eine sida legg den ikkje fram noko ukjent stoff. På den andre sida kjem den evolusjonsbiologiske kunnskapen i serien dels overrumplande på velorienterte samfunnsforskarar og meiningsprodusentar.

Konservative nordmenn?

- Har de inntrykk av at norske forskarar, og kanskje også politisk venstreorienterte nordmenn, er konservative? At dei ikkje lett tar til seg ny kunnskap?

- Det er rett at vi ikkje legg fram noko nytt. Nesten utan unntak er det vi presenterer innanfor grunnfagspensum på psykologi, og i den engelskspråklege verda er slike populærvitskaplege innføringsbøker som vi har skrive, laga mange gongar. Når det gjeld norske forskarar, har eg inntrykk av at dei er konservative når det gjeld kunnskap utanfor deira eigne fag. Mi eiga røynsle frå USA, er at det er opnare der, jamvel om du sjølvsagt der også finn steilare folk i dei faglege ytterkantane. Til dømes er det mogleg som amerikansk student å komponera ei utdanning ved å ta kurs på tvers av faggrenser, seier Ole-Martin Ihle, som sjølv har bakgrunn frå mellom anna sosialantropologi og musikk.

- Dette handlar ikkje mykje om stort og lite land då? Med små fagmiljø aukar vel risikoen for å reprodusera meiningar? Den politiske kampen mellom akademiske miljø og for å oppnå professorat til dømes, er vel få stader sterkare enn i USA?

- Det er openbert noko i det. Men det er likevel uheldig at annleis tenkjande i Noreg gjerne forlet universiteta og finn på andre ting.

Ideologisk kunnskap

Ihle gjentek det programskaparane har hevda frå starten, at eitt av hovudmåla med «Hjernevask» har vore å avdekkja og kritisera ideologisk styrt forsking.

- I historia finst det sjølvsagt nøgda av døme på at høgresida har drive med dette, men i Noreg i dag er dette ein kritikk som i større grad råkar venstresida. Det er meir sympatisk når likskap er målet, men det er ikkje god forsking. Og ein blir sårbar for å bli vitskapleg avkledd.

I føreordet til boka er Ihle og Eia tydelege på at det ikkje alltid er slik at ein ikkje kan avgjera kva som er arv og kva som er miljø: Evolusjonære forklaringar er meir grunnleggjande.

- Går for langt

- Den såkalla kognitive vendinga i vitskapen byrjar å bli nokre år, men det menneskelege genomet vart kartlagt først i 2000. Det har ikkje vore mogleg å forska på, eller få sikker kunnskap om, dette biologiske grunnlaget så veldig lenge. Har ikkje norske samfunnsforskarar gjort rett i å halda seg til sosiale forklaringar. Primitive sosiobiologiske forklaringar er kanskje ikkje å føretrekka dei heller?

- På mange vis er eg samd i det. Og norske samfunnsforskarar har hatt rett i mykje. Kjønnsrolleåtferd og seksuell åtferd har til dømes endra seg enormt. Samstundes er det klart at mennesket ikkje er uendeleg formbart. I programmet i kveld tar vi til dømes føre oss korleis barn med tvitydige kjønnsorgan tidlegare systematisk vart opererte til jenter, på grunn av at ein meinte kjønnsidentitet var sosialt konstruert. Det fekk store følgjer. Homoforskarar har rett i at homoseksualitet spelar seg ut ulikt frå kultur til kultur, på grunn av dei sosiale rammene som er gjeve for seksualiteten, men dei går ofte for langt når dei vil forklara homoseksualitet heilt ned på årsaksnivå.

Kunnskap- ikkje politikk

- Igjen handlar det om ideologisering av kunnskap. Samstundes meiner eg også det er viktig å minna om at kunnskap i seg sjølv ikkje slår beina under politikk, seier Ihle.

- Om ein ser på reaksjonane etter programma, ikkje minst debattane på internett, så har likevel mange fått ammunisjon til eigne fordommar når det gjeld både kjønn og folkegrupper. Har de vekta mot kvarandre verdien av å publisera kunnskap om «rase» og IQ versus effekten det har på den hierarkiske gruppetenkinga som alt finst?

- Det er skremmande kva ein virvlar opp av grums. Og eg ser til dømes på Document.no at det ikkje er måte på kva folk les inn av politiske motiv i det vi har laga. Samstundes har også ein del professorar kasta seg på debattane og heva det faglege og intellektuelle nivået på dei. Programmet om rase handla ikkje så mykje om forsking, som om farleg kunnskap: Kan det dukka opp ting som vi ikkje vil vita. Og eventuelt: kva gjer vi då? Eg er ikkje politisk samd med Charles Murray, som var medforfattar av «The Bell Curve», men eg er samd med han i at å nekta for at det kan finnast intellektuelle skilje mellom folkeslaga vil få negative konsekvensar, om det skulle visa seg at slike finst. Då vil antirasisme berre vera gyldig om det ikkje er sant. Menneskeverd bør ikkje vera knytt til likskap slik.

- The Daily Show med John Stewart, som NRK også sender, hadde nyleg eit litt uventa apropos til debatten. I USA har ein kvit mann med namn Don «Moose» Lewis gått inn for ein eigen basketballiga for kvite, fordi han meinte svarte frå naturen si side er betre i spelet enn kvite, noko han tykte var urettvist.

- Når det gjeld basket, er Jugoslavia betre enn USA, men det veit ikkje amerikanarane, som berre er opptekne av den nasjonale ligaen. Utover høgde, som er arveleg, er det tekniske dugleik som avgjer om du blir god i basket. Når det gjeld sprint, derimot, har nokre svarte klåre genetiske føremoner. Men om dette skulle vore eit grunnlag for å dela opp idretten på noko vis, så måtte ein ha svært spesifikke inndelingar for folkegrupper. Det er vel ikkje så interessant.

Rase og rasisme

Ihle seier programskaparane har vore oppteken av å eksponera det som finst av såkalla ny raseforsking, men medgjev likevel at han enno kjenner seg uviss på om kor rett det var å ha med «raseprogrammet», og at det mellom evolusjonpsykologar er stor usemje om dette er legitim eller berre skadeleg kunnskap.

- I dette programmet har de også med ein afrikanar som ikkje får jobb i Noreg. Det blir påstått at det er diskriminering, men ut frå logikken i programmet burde vi vel fått opplyst om kva IQ han hadde?

- Fire års datautdanning borgar vel for at han i alle fall ligg på gjennomsnittet. Det som var bakgrunnen for innslaget, var ei undersøking frå Sverige, som viser at svenskar og innvandrarar med lik IQ gjer det like godt på arbeidsmarknaden - gjeve at dei faktisk kjem inn på denne marknaden. Eg meiner mange av dei skilja vi ser i dag mellom nordmenn og innvandrarar handlar om integrering, kultur og fordommar.

Verknadshistorie

Mykje har vorte sagt om metodane og den litt tabloide retorikken til programskaparane bak «Hjernevask». Det skal få ligga her, men korleis oppsummerer dei sjølve effekten av programma?

- Slik eg forstår dykk, er de leie for at gapet mellom «dei to kulturane» framleis er så stort, men om de ser på reaksjonane både frå sjåarar og deltakarar i Hjernevask, synest de sjølv at de har ytt dykkar skjerv til å minka dette gapet, eller kan de heller ha utvida det?

- Biologen Dag Hessen var mellom dei som tidleg åtvara mot serien og var redd for det siste, men i ettertid har han skifta standpunkt. Han fortel at den har opna for debattar som til no har vore umoglege å ta innanfor universitetet, og det har ført kjønnsforskarar til han. Det er i alle fall positivt.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT