Kåtskap og kvardag

Kan orgasmen fri oss frå tanken på den attgløymde mobilladaren? I Trude Marsteins nye roman freistar ei gift mor å rømma frå trivialitetane gjennom ein elskar.

«Ingenting å angre på» er tittelen på romanen, og nett det spørsmålet melder seg i mange ulike relasjonar i romanen. Det er ikkje berre eit spørsmål om eit ekteskapeleg sidesprang kan gje grunn til anger. Det handlar også om alle dei små feilgrepa vi dagleg gjer i freistnad på å oppdra barna våre, og ikkje minst om måten tida og samlivet endrar eit ekteskap på.