Dagens leder
* Haakon Lie er 103 år i dag. Jubilanten blir feira med bok og samkome i Samfunnssalen i Oslo, samlingsstaden for Oslo Arbeidarsamfunn der Lie har vore medlem i meir enn 80 år. Det er duka for ein mimre- og skrytefest i den store stil. Bursdagsfeiringa, bokutgjevinga og synspunkta Haakon Lie gir uttrykk for, stadfestar kva slags spesiell fysisk og mental styrke og ekstraordinær personlegdom som kjenneteiknar denne mannen. 103-årsdagen vil også minne yngre generasjonar om den avgjerande rolla Haakon Lie hadde for utviklinga av det norske samfunnet og Arbeidarpartiet i fleire tiår.