Tirsdag 27. desember 2005
Eit brennande og kjenslevart menneske
– Georg Johannesen kan ikkje samanfattast i ein kort karakteristikk. Han hadde ei breidde som ikkje er ålment kjent, seier forfattaren og venen Einar Økland.

Jolaftan døydde den kjende forfattaren, samfunnsrefsaren og retorikkprofessoren Georg Johannesen under eit ferieopphald i Egypt.

– At Georg Johannesen er død berører meg sterkt, seier forfattaren Einar Økland.

Økland har kjent Georg Johannesen sidan Johannesen fekk Økland inn i redaksjonen av Fossegrimen på 1960-talet. Sidan samarbeidde dei i redaksjonen av Basar på midten av 1970-talet, men dei var også nære vener. Som ven kravde Georg Johannesen sitt.

– Han tolte ikkje å bli snakka etter munnen, ein måtte vera sjølvstendig for å vera ven med Georg Johannesen. Om ein vedgjekk at han hadde rett i ei sak, beit han deg av med å seia at det trong du ikkje opplysa han om, det visste han. Men i kranglar tødde han opp. Då kunne han seia «fortel meir om det, kanskje eg har teke feil heile livet». Han kunne vera svært direkte og fritalande, også mot vener og vår dikting. Typisk for Georg Johannesen var at han kunne seia ting som at Jan Erik Vold ikkje hadde vore spontan sidan han sat på potta. For ein utanforståande kan det vera vanskeleg å forstå at han og Jan Erik Vold var nære vener, men det var dei.

– For venene vil det vera eit stort sakn at han er borte.

Generøs

Til liks med fleire andre Klassekampen snakkar med, legg Økland vekt på kva for eit generøst menneske Georg Johannesen var.

– Som personlegdomstype var han eit ufatteleg følsamt menneske – i mest totale forstand. Det bar han med seg sidan han var barn i det krigsherja Bergen. Der opplevde han hendingar som prega han heile livet. Til liks med Bjørneboe var han oppteken av det grufulle og demonstrerte kor skrekkeleg mennesket er både som individ og art. Men i seg sjølv var han følsam, open, brennande og ikkje minst gjevande. Han var ikkje mellom dei som tok «copyright» på sine innsikter, men gav av seg sjølv i samtalar og rettleiingar.

– Georg Johannesen kunne vera fæl i munnen, men eg har berre gode røynsler med han. Han var ein god kamerat og tilsynsmann. Som bergensar var han også ein familiemann, han var oppteken av foreldra sine og han var ein svært kjærleg far. I tillegg hadde han ei flott medleverske, Laila, som er på høgd med Georg på alle vis. Det var godt å sjå at den siste delen av livet hans var så godt som det vart.

Kunstner

Økland fortel at Georg Johannesen var intenst oppteken av å tolka seg sjølv og menneskeætta, stundom oppløyste han seg sjølv som råstoff for arbeidet sitt.

Han var like kjenslevar både for fakta og kunstrøynsler til dømes.

– Han måla sjølv, og debuterte på Høstutstillingen i 1978. Biletet vart fort selt og kona mi har eit foto av verket, der det heng på veggen med raud lapp ved sida av. Men salet var berre mellombels, for kunstnaren kom på andre tankar – til stor frustrasjon for både kjøpar og Høstutstillinga. Seinare lånte han ut kunst, og ein del har fått verk av han. Han var også ein svært observant og original kunsttolkar med ein særleg kjærleik til folkekunst, som til dømes rosemåling.

Det norske

Georg Johannesen var både ein kritikar av den norske nasjonen og ein elskar av det norske – samstundes som han hadde sine røter i det antikke.

Einar Økland minner også om dei tre bibelpastisjane Georg Johannesen skreiv kring 1980. Dei er i tillegg skarpe kommentarar til norsk samtidsrøyndom.

– Det var då nokre av oss byrja å kalla han «profeten». Vi meinte bøkene burde vorte trykte i Russland og smugla inn i Noreg, slik ein smugla Biblar motsett veg, for det vart gjort lite for å selja dei bøkene i Noreg. Han las av og til opp frå desse forteljingane sjølve, og det var strålande. Det er synd at det ikkje er teke vare på for ettertida.

Ekspresjonist

– Som intellektuell hadde han eit stort spenn med ei evne til å konsentrera tankane på eit særmerkt vis. Kortformene vil nok stå att for mange. For meg er han i fyrste rekkje poet, seier Økland, og her meiner han Johannesen er noko feilvurdert.

– Han har jo vorte jamført med Bertolt Brecht, men det tykkjer eg er urettvist. Det er lett å sjå likskapar når ein veit at dei hadde mykje av verdshistoria sams, ikkje minst 2. verdskrigen, og at dei båe hadde røter i folkedikting, så vel som bibelspråket. Men utover det er det også mykje ulikt. Brecht var i fyrste rekkje ein logikar som ikkje lett såg paradoksa. Georg Johannesen hadde ein meir «barnleg» logikk, jamvel om han både var ein stor analytikar og syntetikar. I tillegg var han ein brennande ekspresjonist. Han hadde ei uvanleg evne til å samla opplevinga av det å vera menneske både som individ, og individet si historie, og som art, og arten si historie. Slik kunne det samlast veldig mykje innhald i eitt punkt.


Onsdag 4. mars 2015
Annonsørene er i villrede og tabloidavisene protesterer. Den nye metoden for å beregne avisenes opplagstall er vanskelig å forstå, selv for garvede redaktører.
Tirsdag 3. mars 2015
Mange papiraviser fortsetter å miste lesere og annonsører. Men noen lokalaviser gjør suksess – og mener en viktig grunn er at de står utenfor de store konsernene.
Mandag 2. mars 2015
Schibsted og andre mediekonsern satser stort på overvåking av brukernes atferd – for å skreddersy annonser og innhold. Men tre av fire nordmenn er motstandere av denne formen for overvåking.
Lørdag 28. februar 2015
Prestisjeverket skulle ha vært ferdig i morgen. Nå legges Norsk Ordbok på is etter at flere ansatte har varslet søksmål.
Fredag 27. februar 2015
Hvis ikke Netflix forteller hvor mange som ser filmene på tjenesten, bør ikke norske distributører gi filmer til giganten, mener distributør Ola Lund Renolen.
Torsdag 26. februar 2015
Norske filmprodusenter vet ikke hva de tjener på å ha filmene sine på Netflix eller hvor mange som ser dem. Nå ber de staten om å ta grep.
Onsdag 25. februar 2015
Dørene til kulturskolen lukkes for barn fra lavinntektsfamilier, frykter SV og Arbeiderpartiet.
Tirsdag 24. februar 2015
For mange foreldre er det blitt for dyrt å sende barna på kulturskole. På fem år har snittsprisen økt med 25 prosent.
Mandag 23. februar 2015
Norske forfattere og skribenter sponser en amerikansk rettssak mot nettgiganten Google. – Dette er en viktig prinsippsak, sier Yngve Slettholm i Kopinor.
Lørdag 21. februar 2015
Norske forlag vil vente lenger med å betale forfatterne. – Det gjør det vanskeligere å skrive bøker, mener Forfatterforeningen, som frykter økonomisk skvis.
­

TV-guiden er levert av TimeFor.TV

TV-guide