Kan vi tru Wikipedia?

Stadig fleire journalistar festar lit til eit leksikon som hevdar at Jens Stoltenberg er pedofil og at «marsdalismen» er ein sentral politisk ideologi.

Folkets eige internettleksikon Wikipedia vert stadig meir populært. Frå det vart lansert av Jimbo Wales og Larry Sanger i januar 2001, har interessa og bruken eksplodert over heile verda. Bokmål og nynorsk er berre to av over 100 språk, med eige Wikipedia-leksikon.