Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, tirsdag 22. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Kultur & medier
Tirsdag 14. desember, 2004

Tolkens dilemma

Tirsdag 14. desember, 2004

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Midt mellom dei ulike kulturane, dei ulike språka og dei ulike tankesetta sit tolken og freistar å få til ein dialog. No har eks-tolken Omar Dhahir skrive doktogradsavhandling om «Tolkens dilemma».

I heile Europa har det i vinter gått ein debatt om det kulturelle møtet mellom aust og vest, mellom islam og kristendom. I slike debattar har vi lett for å gløyme det mediet mange av desse kulturmøta er nøydde til å gå gjennom: tolken. Og overser vi tolken, overser vi noko viktig ved det å gripe dette kulturmøtet, meiner dansk-irakaren Omar Dhahir, som i november forsvarte avhandlinga «Tolkens dilemma» til doktorgraden ved Syddansk Universitet.

Avhandlinga handlar om samtalar mellom arabiske bistandsklientar og sosialrådgjevarar på danske sosialkontor. I samband med oppgåva har Dhahir sjølv arbeidd som tolk i to år, og såleis kjend tolkens mange dilemma på kroppen. Eitt av desse dilemma handlar om lojalitetskonfliktar. Dei fleste tolkane opplever nemleg at både klienten og sosialrådgjevaren forventar ein allianse med tolken:

- Klienten har god grunn til å forvente ein allianse med tolken, fordi dei har same språk og kjem frå same kultur. Samstundes oppfattar sosialrådgjevaren tolken som sin forlenga arm, og forventar at han skal hjelpe til med å gjennomføre dei ting lova krev, seier Dhahir.

- Er det mogleg å vere nøytral under slike høve?

- Ein tolk kan ikkje vere nøytral fordi han sit i ein situasjon mellom to menneske. For å fungere optimalt må han få partane til å forstå kvarandre. Tolkinga skal vere ikkje-nøytral, men lojal. Tolken kan i mykje større grad enn samtalepartane fornemme når ein av dei misforstår den andre. Og det er berre tolken som kan få til ein dialog mellom dei, seier Dhahir.

Barrierar

I forsøket på å opprette ein dialog slit tolken med både språklege, kulturelle og makt-strukturelle problem, ifylgje avhandlinga til Dhahir. Reint språkleg er eit av problema at mange av dei danske omgrepa sosialrådgjevaren nyttar, ikkje finst på arabisk:

- Omgrepa finst på moderne standard-arabisk som er det språket ein høyrer i media og som blir brukt i undervisning. Men mange av klientane nyttar andre dialektar og språk, og i desse språka finst det ikkje ord for alle fagtermane som blir brukt i samtalen, seier Dhahir og ramsar opp handlingsplan, vitnegodtgjering, kursgodtgjering og dagpengar som uomsetjelege døme.

Og Dhahir er ikkje imponert over språksansen til dei danske sosialrådgjevarane:

- Mitt inntrykk er at danske sosialrådgjevarar ikkje har forstand på språk. Dei er vande med å bruke lovtekstar og fagtermar og bruker det fagspråket utdanninga har lært dei å snakke. Dei trur at alt ein kan seie på dansk, kan ein òg seie på arabisk. Og når tolken stundom må bruke seks-sju setningar på å forklare det sosialrådgjevarane seier med éin, vert dei sure og mistenker tolken for utanomsnakk, seier Dhahir, som innrømmer at problemet sjølvsagt gjeld båe vegar:

- Det er mange arabiske ord som ikkje kan setjast om til dansk. Ein kan alltids gje ei ordrett omsetjing, men det kan bli heilt meiningslaust. Til dømes er folk frå Sør-Irak vande med å dra inn referansar frå fjern historie, men desse referansane gjev ikkje meining for ein danske, seier Dhahir.

Kulturkonflikt

Og dimed er vi over i den kulturelle barrieren. Dei to samtalepartane kjem frå kvar sin kulturbakgrunn, med kvar sine referansar og førestillingar. Men tolken er oftast dobbeltkulturell og tolkinga inneber såleis mykje meir enn ord-omsetjing:

- Viss tolken skal fungere som ei maskin, seier han tinga ordrett og er like glad. Men han har ei plikt til meir. Det dreier seg om kommunikasjon med eit sosialt formål, seier Dhahir.

Dhahir fortel om ein gong ein arabisk klient vart rasande på sosialrådgjevaren og ville audmjuke ho ved å true med å knulle søstera hennar om ho ikkje gjorde som han sa. Sosialrådgjevaren svarte roleg at systera hadde vore sjuk og einsam lenge og truleg ville ha sett pris på litt besøk:

- Klienten seier noko han sjølv trur må vere svært ærekrenkande for sosialrådgjevaren, men for ho vert det berre latterleg. Han meinte å ærekrenke ho, ho følte at ho audmjuka og latterleggjorde han. Dei har kvar sin kulturkodeks og i midten sit tolken og forstår båe kodeksane, seier Dhahir.

Og Dhahir meiner tolken ikkje er forplikta til å omsetje kva som helst, og sjølv må setje grenser for kva han kan akseptere:

- Tolken har plikt til å omsetje, men han har og visse grenser. Når eg sit med ein landsmann som er uhøfleg, seier eg til han at eg skal omsetje det han har sagt, men at han må slutte å vere uhøfleg; at han ikkje kan bruke meg til kva som helst.

Men Dhahir reagerer oftare på oppførselen til dei danske sosialrådgjevarane, enn på klientane:

- Den måten dei normalt snakkar til klientane på, er slik ein normalt snakkar til eit barn. Dei snakkar ned til klienten, det er kulturelt koda og tolken merkar det godt, fortel Dhahir.

Makt

Og i den nedlatande posisjonen kjem den tredje barrieren til uttrykk, nemleg det skeive maktforholdet som ligg til grunn for dialogen på sosialkontoret. Dhahir meiner det prinsipielt er veldig annleis å tolke i slike samtalar på sosialkontoret, enn til dømes i rettssalar eller andre sosiale kontekstar:

- For det fyrste handlar alle samtalane om problem. Klienten kjem med eit problem og forventar at sosialrådgjevarane skal løyse det. Problema er oftast av økonomisk art, og klienten er den svake part. Og for sosialrådgjevarane har ikkje utfallet av samtalen konsekvensar for deira liv, medan det for klientane kan vere livsviktige spørsmål. I midten sit tolken og skal forsøke å få i stand ein dialog.

Dhahir meiner ein må leggje meir vekt på tolkens moglegheit til å balansere desse skeivheitene og bryte ned dei kulturelle barrierane:

- Det er mange feilaktige oppfattingar av tolken. Sosialrådgjevaren ser på tolken som ei maskin eller ein reiskap og ikkje som ein kollega. Dei må slutte å bruke tolkane og lære seg å samarbeide med dei. Tolken har kulturelle ressursar og kompetanse som kan hjelpe dei som skal integrerast, seier Dhahir.

Dhahir meiner det må opprettast ei mykje meir omfattande tolkeutdanning, som er breiare orientert enn berre språkleg omsetjing og inkluderer fag som sosiologi og konfliktløysing; «Tolkeområdet skriger efter en decideret tolkeuddannelse, der mindst er på bachelorniveau,» skriv Dhahir i avhandlinga.

Men han meiner òg sosialrådgjevarane må etterutdannast på intrakulturell kommunikasjon og lære seg å samarbeide med tolkane.

- Om sosialsystemet ynskjer å integrere desse klientane, må dei bruke dei ressursane og den kompetansen ein har. Ein må utnytte tolken, avsluttar Dhahir.

@sitat:«Ein tolk kan ikkje vere nøytral fordi han sit i ein situasjon mellom to menneske»

omar dhahir

@@sitat:«Dei trur at alt ein kan seie på dansk, kan ein òg seie på arabisk»

omar dhahir

@

Innenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Bondeopprøret rammer Sp

Bondeopprøret rammer Sp

KRISE: Sp-fylkesledere truer med gå ut av regjeringen hvis Ap ikke blar opp til bøndene neste år. - Vi kan ikke ligge i krig med vår viktigste velgergruppe, sier Jostein Ljones i Hordaland Sp.
Utenriks
Tirsdag 22. mai, 2012
Etterlyser ny, sterk leder

Etterlyser ny, sterk leder

SKREMT: I håp om å presse vekk islamistene vil mange kristne i Egypt stemme på kandidater med bånd til det gamle regimet ved valget som starter i morgen.
Kultur & medier
Tirsdag 22. mai, 2012
Festspillene fyller 60

Festspillene fyller 60

Nordens viktigste møteplass for klassisk kunst, trosser værgudene og åpner de 60. festspillene med en utendørs folkefest.
Dagens leder
Tirsdag 22. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Skolesurfing

Skolesurfing

Dagens leder
Powered by eonBIT