Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vik ikkje

- Vi lar oss ikkje diktera av FN sin høgkommissær, men gjer våre eigne vurderingar av når det kan vera rett å tvangsreturnera flyktningar, seier kommunalminister Erna Solberg.

Ikkje berre lokale støttegrupper, lokalpolitikarar og flyktningane sjølve fortvilar over ein situasjon der såkalla «ureturnerbare» flyktningar blir gåande på eller under eit økonomisk minimum, utan rett til å arbeida. Både byråd Trude Drevland (H) i Bergen, byråd Margaret Eckbo (Frp) i Oslo og ordførar Rita Ottervik (A) i Trondheim spør no kva dei skal gjera. «Det er ikke enkelt å forholde seg til at vi har mennesker uten et sted å bo og uten penger til mat,» seier Drevland til Dagsavisen.