Tre

På garden Tysse i Fjaler budde det for meir enn to hundre år sidan ein familie som heitte Landmark. Dei innvandra frå Sverige og vart ein stor og vel­ståande familie som jobba som sorenskrivarar, stortingsrepresentantar og som svært innovative bønder på garden i ytre Sunnfjord. Patriarken Nils Landmark (1775–1859) bygde ein eigen gravstad til familien i utmarka opp mot fjella over garden, og den fekk namnet Fredensborg. Det vart planta alléar av edle lauvtre og demt opp eit lite vatn der dei sette ut fisk. Det er rett og slett ein praktfull stad.

Dagboka