Høgre sektor-flagg i toget

Eit debattinnlegg i Klassekampen laurdag 4. mai har overskrifta ‘Fascistflagg i 1. mai-toget’. Det var absolutt på sin plass at arrangøren fjerna Høgre sektor-flagget frå toget. Det er likevel grunn til å informere folk som ikkje såg 1. mai-toget, at ein måtte vera både observant og godt informert for å få med seg dette flagget. Ukraina-seksjonen av toget var dominert av heilt andre flagg og plakatar, som bildet viser eksempel på. Det var også svært gledeleg at toget hadde ein seksjon med modige russarar som støttar den ukrainske motstanden mot Putins krig.

Debatt