Regjeringa går til høgresida for å lage ny fiskeripolitikk. Eit svik mot folk i distriktet, meiner Torgeir Knag Fylkesnes i SV.

Går til høgre, igjen

Høgrevridd: Ei kveite måtte gje tapt for ein fiskar i Myre i Øksnes kommune. Regjeringa held SV og Raudt på armlengdes avstand og vendte seg mot høgresida for å lage fiskeripolitikk for framtida. Foto: Anniken C. Mohr

– Eg hadde ikkje forventa dette. I 2021 gjekk folk frå distrikta i hopetal over til oss, fordi dei var møkk lei høgrepolitikk. No kjem svaret. Regjeringa sviktar alle som stod på stand. Det er trist.