Kari Nessa Nordtun er usikker, Hadia Tajik har trekt seg, og no seier Andreas Bjelland Eriksen at han ikkje vil toppe Ap-lista for Rogaland i 2025.

Statsråden seier frå seg sikker plass

I baksetet: Klima- og miljø­minister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) vil ikkje stå på toppen av Rogaland sin liste ved valet i 2025.

Når nominasjonskomiteen i Rogaland Arbeidarparti no skal sette saman stortingslista for neste års val, får dei med seg ein klar beskjed frå partiets nye stjerneskot, klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Politikk