«Dune», filmen som toppar kinolistene, tar opp eit akutt problem: vassmangel.

Øko-jihad

Økofiksjon: Profeten Muad’Dib (Timothée Chalamet) vil gjera ørkenen grøn i «Dune». Til dess må han resirkulera fukta i kroppen og utpusten frå nasen. Foto: WarnerBros

L’aigua no cau del cel», kan ein lesa på store plakatar i det tørkeramma Catalonia: «Vatnet fell ikkje frå himmelen». Påminninga om å spara på det livgjevande vatnet er til forveksling lik dei religiøse levereglane på ørkenplaneten Arrakis – den oppdikta verda der hovudhandlinga i «Dune» går føre seg. Del to av sciencefictioneposet basert på Frank Herberts romanserie frå 1965–85 er den mest populære filmen på kino no. «Dune», og bøkene meir enn filmane, er også akutt aktuell økofiksjon.

Kultur