MDG og Grøn Ungdom drar i ulike retningar. Unge Venstre meiner det grøne partiet høyrer heime på høgresida.

Vil ha MDG med på laget

Inviterer MDG inn: Unge Venstre-leiar Ane Breivik ville heller vore stranda på ei øde øy med MDG enn med dei andre borgarlege partia. Foto: Fartein Rudjord

Miljøpartiet Dei Grøne definerer seg sjølv som eit blokkuavhengig parti som kan samarbeide både til venstre og høgre. Unge Venstre-leiar Ane Breivik meiner at dei ideologiske løysningane til miljøpartiet ligg meir mot høgresida.