JUL MED MEINING

Julegründeren

SOLIDARITET: Norsk-belgiske Wim Van Overvelt har samla inn rundt ein halv million kroner til gode formål gjennom ein ny adventskalender. No nyt han og katten Silke rolege førjulsdagar. TOM HENNING BRATLIE

Eit dobbelt beinbrot gav Wim Van Overvelt sjansen til å utvikla ein alternativ adventskalender.

Dette skulle eigentleg vera eit juleintervju. Utanfor vindauget lavar snøen ned, og burettslagsjuletreet ruvar mellom lågblokkene. Inne hjå Wim Van Overvelt er julekransen, nellik-appelsinen og peparkakehuset på plass. Gründeren av ein rykande fersk adventskalender ser sjølv litt ut som ein julenisse, med blondt hår og skjegg.

Livet