ODEL

Kvinne for sin rett

KORTREIST: Rektor og sesongbonde Liv Anne Bergo fann både kjærleiken og jobben i barndomsdalen. No vil ho heidra dei bygdekvinnene som kom før henne med ei bok om tradisjonsmat. Maria Lavik

Små marginar kan gje store utslag i livet. For Liv Anne Bergo var det ei lovendring som kom på rett tidspunkt.

Frå hagestolen kan Liv Anne Bergo sjå korleis Bergovatnet blenker i sola. Det store vatnet opnar opp den smale og kronglete fjelldalen Eksingedalen i Vaksdal kommune i Hordaland. Her på familiegarden har 53-åringen budd heile sitt vaksne liv, takka vere ei historisk lovendring som kom då ho var barn.

Livet