PRIVATBILISME: Våre bilavhengige liv er ei lenge varsla katastrofe.

PÅ HJUL ETTER FRIDOM

DEN GONG DÅ: I starten var bilen eit luksusgode for dei superrike. Her malar produsenten av Ford eit heller idyllisk bilde, på ein reklameplakat frå starten av 1900-talet. ILLUSTRASJON: DAVID POLLACK, 8CORBIS/GETTY IMAGES David Pollack

TJA TIL BILEN: Ein gong var bilen det ultimate symbolet på fridom. No får den skulda for astma, klimakrise og kaos i politikken.

For hybeljenter på vidaregåande på Voss gjaldt berre ein regel: Du kunne ikkje bli saman med ein gut som ikkje hadde lappen. Det var heilt meiningslaust. Bilen var inngangsporten til alt som smakte fridom. Den lova skyss til skulen når det regna, turar ned på Essoen for å kjøpa smågodt, sjansen til å bli køyrt vekk frå den vesle, mugne hybelen og inn i eit ope landskap.

Mer fra Klassekampen