Høyr godt etter. Eg seier dette berre ein gong.

’Allo, Putin

Denne veka har det gått føre seg ei rettssak som er litt småpinleg for norske styresmakter. Då den pensjonerte grenseinspektøren Frode Berg i fjor vinter vart teken i Moskva med 3000 euro i kontantar, vart han sikta for spionasje. Etter knappe 500 døgn i eit berykta russisk fengsel, har rettssaka mot Berg endeleg komen opp. Strafferamma er mellom 10 og 20 år, og ekspertar trur 63-åringen blir dømt. Advokatane hans har stadfesta at Berg har hatt kontakt med norsk etterretning, men at han ikkje visste at han var med på spionasje.

Grovt sagt