Krigsoppgjer

Kvinner i kamp

PÅ FLUKT: Tusenvis har strøymt til den syriske flyktningleiren al-Hol medan Den islamske staten IS blir nedkjempa i landsbyen Baghouz. Debatten om kva ein skal gjera med IS-kvinnene går for fullt over heile Europa. Bildet er frå 7. februar. FOTO: FADEL SENNA, AFP, NTB SCANPIX FADEL SENNA

Frå kalifat til Limbo: Rundt tolv norske kvinner reiste ut for å hjelpa å bygga eit totalitært kalifat. Bør dei stillast for ein internasjonal domstol, hentast heim eller skal me la dei bli verande?

Tida byrjar å renna ut for eit av dei verste terrorregima som verda har sett i moderne tid. Den islamske staten (IS) kontrollerte på det meste rundt ein tredel av Irak og rundt halvparten av Syria. Terrororganisasjonen pumpa jamleg ut bilde og videoar på sosiale medium av grufulle avrettingar og trekte til seg framandkrigarar frå heile verda.

Mer fra Klassekampen