Planeten Mars har namn etter krigsguden Mars. Krigsguden har gitt namn til den månaden me er i no, som i gamal romersk kalender var årets første. Logisk nok, våren og sommaren var i kominga. Difor seier me moderne framleis september, oktober, november og desember. Desse månadsnamna tyder jo eigentleg den sjuande, åttande, niande og tiande. (Desiliter og desimeter er ein tidels liter og ein tidels meter.)
Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.