Mandag 10. februar 2020
I FULLT ARBEID: Espen Haavardsholm skriv like intenst som før og følgjer tett med på både nasjonal og internasjonal politikk og litteratur. «Når ein er 75 år, må ein prioritera det viktigaste», seier han.
For forfattar og 75-årsjubilant Espen Haavardsholm ligg vona for framtida i praktiske løysingar, ikkje i idear:
Har ikkje tru på teoriar
Espen Haavardsholm konsentrerer seg om prosaen og vonar venstresida vil sameinast om politiske løysingar.

Jubileum

– Når ein er 75 år, må ein prioritera det viktigaste.

Og det er?

– Prosaen, romanen, novellene.

I dag er det 75 år sidan Espen Linge Haavardsholm vart fødd. Sidan han debuterte som 21-åring i med den tidstypisk modernistiske novellesamlinga «Tidevann» (1966), har bøkene kome i jamt tempo og dekt dei fleste sjangrar. Sytten av utgjevingane, drygt halvparten, er likevel romanar. Den så langt siste av desse kom sist haust: «Fra nå av kan alt skje». Ei historie med kvinneleg forteljar. Aldersheimsbebuaren Katrin Li innfører eit nytt perspektiv i ein forfattarskap som støtt har granska historiene og livsvilkåra til gutar og menn i Haavardsholms eigen etterkrigsgenerasjon. Vi skal koma tilbake til den eldre kvinna.

Fakta

Espen Haavardsholm:

• Norsk forfattar (f. 1945) debuterte i 1966 med novellesamlinga «Tidevann».

• Sentral i krinsen rundt tidsskriftet Profil, seinare kjent ml-forfattar. Har frå 1980-talet særleg skrive romanar, i tillegg til biografiar om Aksel Sandemose (1988), Martin Linge (1993), Johan Borgen (2000) og Ola Bauer (2010).

• Kjente romanar er «Store Fri» (1983), «Roger, gult» (1986), «Det innerste rommet» (1996) og den sjølvbiografiske trilogien om Nils Hå: «Gutten på passbildet» (2004), «Tjue» (2006), «Bildet på baksiden» (2008).

• Haavardsholm fekk Aschehougprisen for sin forfattarskap i 2006.

• Aktuell med: Fyller 75 år i dag.

Generasjonen

I eit 75-årsintervju med Espen Haavardsholm kjem ein nemleg ikkje utanom at jubilanten er skriven inn i litteraturhistoria som del av ein generasjon. Profil-generasjonen er kanskje sjølve «Generasjonen» i norsk litteratur. Paal Brekke kalla dei ein «litterær motorsykkelgjeng», noko Haavardsholm synest er å gjera vel mykje ut av Jan Erik Volds scooter. «Gjengen» var i realiteten svært ueinsarta og valde etter få år også ulike politiske og litterære vegar.

– Ei av årsakene til at eg framleis minnest Profil-tida med glede, er at vi – som unge, ferske forfattarar – lærte så mykje av kvarandre. Det var nynorskforfattarar frå Bygde-Noreg og utprega byforfattarar. Folk med ulike sosiale bakgrunnar og livsrøynsler. Det vi hadde sams, var synet på at Noreg vart styrt av ein gjeng oppblåste, men lite påleste pampar, som vi gjerne ville ha bytta ut.

Det var i sin opposisjon mot den norske makta at Profil-krinsen gjekk i to retningar, der Espen Haavardsholm, Dag Solstad og Tor Obrestad valde marxismen-leninismen og gav seg i kast med eit sosialrealistisk litteraturprogram.

Saltkorn av sanning

Kritikken mot desse politiske litteraturforsøka har vore meir omfattande og langvarig enn sjølve ml-litteraturen, og Haavardsholm har i den grad vorte gjort til skyteskive for kritikken, at han på eitt tidspunkt fekk nok og strauk romanen «Historiens kraftlinjer» frå verkslista si.

I dag er det lett å sjå at det er mange vegar inn i Espen Haavardsholms forfattarskap. Han har blant anna skrive fire kritikarroste biografiar som gjev ein peikepinn om hans eigen, intellektuelle biografi. Bøker om så ulike menn som forfattarane Aksel Sandemose, Johan Borgen og Ola Bauer, i tillegg til ein om morfaren og motstandshelten Martin Linge.

Tyngda av Haavardsholms litterære produksjon, som har kome ut etter 1980, tyder på at utforsking av det opne romanformatet har vore meir karakteristisk for forfattaren enn spesifikke litterære program. Frå og med romanar med talande titlar som «Drift» (1980) og «Store Fri» (1983) har forfattarskapen brukt personlege livsrøynsler til å føra ein samtale mellom fortid og samtid, mellom politiske, psykologiske og litterære idear i bøker der ein finn innslag av både sjølvbiografi og essayistikk. Ifølgje forfattaren sjølv er det ikkje snakk om altomfattande oppsummeringar, men bøker som deler Cora Sandels meir moderate målsetnad om å få sagt «litt sannhet».

– «Kom ikkje med heile sanningi», som Olav H. Hauge skreiv. Det er der eg er. Eg har inga tru på totalitære idear eller løysingar lenger. Teoriar heng alltid saman, men vanlege menneskeliv har behov for praktiske løysingar.

Vedkjenningar

Etter tusenårsskiftet kom Espen Haavardsholm i forkant av ei anna sanningssøking som har prega romansjangeren og den norske litteraturdebatten tidleg på det 21. hundreåret: Bølgja av «vedkjenningslitteratur».

«Gutten på passbildet» (2004) er eit oppgjer med kulturradikale foreldre, som i mellomkrigstida var blant norske legar og psykiatrar som vart inspirerte av kjærleiks- og fridomsideane til Wilhelm Reich. Espens far, Borger Haavardsholm, vart blant pionerane i norsk barne- og ungdomspsykiatri, medan Espen i oppveksten budde mykje i København, der mora Kari Gunhild Abigael Vogt Linge fullførte legestudiet.

– Boka vart til medan mor var dødeleg sjuk av kreft. Vi fekk endeleg snakka ut. Det var ein slags terapi for meg å skriva ut konflikten mellom oss frå mitt perspektiv, men eg gjorde det klart i romanen at eg «leika» med min eigen biografi og skreiv fiktivt.

«Gutten på passbildet» utvikla seg etter kvart til ein trilogi om Nils Hå. Det er her Haavardsholms roman frå i fjor melder seg att:

– Unge menn er svært sjølvrettvise, og no har eg «masa» i alle år om kor fælt eg hadde det som barn, så eg sette opp ei intellektuell prøve for meg sjølv, ein test på kor mogen eg er. Eg ville skriva historia frå moras sitt perspektiv, det er det «Fra nå av kan alt skje» er ein freistnad på.

– Trass i at du bruker biografien din litterært, har eg inntrykk av at du likevel er meir vend mot verda enn den yngre generasjonen «virkelighetslitterære» forfattarar.

– Det trur eg i så fall heng saman med at nokre av oss gjekk så langt på 70-talet, at generasjonane etter oss vart vaksinerte. Eg meiner det er sunt at forfattarar heller granskar eigne liv, enn at dei står og ropar på gater og torg. Maria Navarro Skaranger og Zeshan Shakar er blant dei som har vist at slik sjølvgransking er ein god metode for å utvida det litterære feltet.

Vil ha pragmatikk

Når Klassekampen møter Espen Haavardsholm, skal han straks vera barnevakt for eit «svært aktivt» barnebarn på eitt år.

– Han kan leva inn i det 22. hundreåret. Eg undrar ein del på korleis det livet blir? Då eg var ung, var eg viss på at jorda kom til å gå under i eit atominferno før år 2000. No tenkjer eg at vi kan overleva klimakatastrofen, men det krev at vi snakkar saman og finn gode, pragmatiske løysingar.

Haavardsholm vil at venstresida avviklar den verste tradisjonen frå den franske tradisjonen; å kappa hovudet av kvarandre.

– I dag kallar eg meg sosialist, men eg stør Thomas Piketty, som vil gå konkret laus på sosial ulikskap innanfor dagens system med å heva arveavgifta og auka skattane for rike privatpersonar og bedrifter. Eg trur det er ein god plass å starta, for å jamna ut byrdene og visa at økonomi ikkje er styrt av naturlover, men politisk vilje.

guri.kulaas@klassekampen.no

Fredag 28. februar 2020
Den årelange krangelen om forfatternes stipendpott kan nærme seg en løsning: Partene er blitt enige om å overlate fordelingen til et nøytralt utvalg.
Torsdag 27. februar 2020
Romsås bades i sol idet Mariana begår barmhjertighetsdrap på en fugl. Filmen «Alle utlendinger har lukka gardiner» viser den gylne baksida av Oslos demoniserte østkant.
Onsdag 26. februar 2020
Antall påmeldte bøker til innkjøpsordningen har økt kraftig, og ordningen er presset. Utvalgsleder Anne Oterholm i Kulturrådet mener nye kriterier må til for å bevare ordningen.
Tirsdag 25. februar 2020
Det er ikke opp til Trond Giske å definere hva seksuell trakassering er, fastslår forfatterne av boka «Giske-saken».
Mandag 24. februar 2020
Plutselig kan grava til din favoritt­forfatter være borte. Kun tilfeldigheter gjorde at gravstedet etter den modernistiske poeten Claes Gill (1910–1973) nå kan bli bevart.
Lørdag 22. februar 2020
Må dagens forfattere selv ta ansvar for markedsføringen? Nei, sier Kaja Kvernbakken, som likevel finner stor glede i å «pushe» debutboka på Instagram.
Fredag 21. februar 2020
– Vi vil ha en eier som satser på journalistikken, sier Joel Jonsson, tillitsvalgt i Hall Media. Polaris og Amedia er i budkamp om det kriserammede konsernet.
Torsdag 20. februar 2020
De siste fem årene er det knapt blitt utgitt diktsamlinger for ungdom. Nå tror flere at trenden kan snu.
Onsdag 19. februar 2020
Resetts søknad om medlemskap i Redaktørforeningen ble avslått etter en «helhetsvurdering». Pressenestor Per Edgar Kokkvold etterlyser en bedre begrunnelse.
Tirsdag 18. februar 2020
Poet og bibliotekar Paal Bjelke Andersen opplever at de «enkle» diktene ikke snakker til ham.