Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Noko eige: På radikalt vis utfordrar Cecilie Løveid alt som har stivna i språket.

Vanebrytaren

Cecilie Løveid er det naturlege geniet i norsk litteratur. 16–17 år gammal debuterer ho, på slutten av 1960-talet, med dikt i ulike aviser, tidsskrift og antologiar. Dette er tekstar som på radikalt vis utfordrar den etablerte forståinga av kva eit dikt er eller kan vera. Ikkje sjeldan eksisterer dei i grenselandet mellom dikt og prosa. Eit av dei er til dømes stilt opp som susjett til ein roman, i stikkords form, fordelt på ti kapittel. Fleire av dei er dramatiske monologar, det vil seia dikt der den som fører ordet heilt tydeleg er nokon annan enn forfattaren.