Lørdag 7. desember 2019
RETT FRAM: Tidlegare WHO-leiar Elizabeth Hoff stig fram som ein pragmatisk leiartype. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
Nær på
WHO: Holths bok gir innsyn og innsikt i den kompliserte Syria-krigen.

MELDING

I juli 2012 sat Elizabeth Hoff, ei jordmor frå Ålesund med lang erfaring frå naudhjelpsarbeid i konfliktfylte område, som einaste passasjer på eit fly frå Kairo til Damaskus. Ho reiste inn i Syria då andre reiste ut, og planen var å vere der i to månadar for å setje i stand Verdens helseorganisasjons kontor i Damaskus. Hoff blei i sju år, medan den humanitære katastrofen utarta seg til den verste i vår tid. Ho forlét WHO-kontoret i juni i år, frå nokre kantar kritisert, men først og fremst høgt respektert. Under avskjeden deklamerte ein medarbeidar Lord Byrons dikt ‘She Walks in Beauty’ til henne. Kven er denne kvinna, og korleis har ho gjort slik inntrykk på folk?

Journalist Ole Øyvind Sand Holth blei merksam på Hoff i 2016, gjennom eit intervju i eit tidsskrift for sjukepleiarar. Han visste ikkje kven ho var, og fann lite informasjon i norsk presse, sjølv om ho allereie då var den internasjonale hjelpearbeidaren som hadde vore stasjonert lengst i Syria. Holth tok kontakt for å skrive ein artikkel i Dagens Næringsliv. På same tid dukka det opp ein kritisk artikkel om Hoff i The New York Times. Nysgjerrigheita var såleis vekt, både for mennesket Hoff og for dilemmaa ho stod i som leiar for det vanskelege naudhjelpsarbeidet i Syria. Holth enda med å følgje Hoff og arbeidet hennar gjennom tre og eit halv år.

Fakta

SAKPROSA

Ole Øyvind Sand Holth

En helvetes jobb. Elizabeth Hoff og hennes sju år i Syria

Gyldendal 2019, 224 sider

Kritikarane meinte at FN generelt, og teamet til Hoff spesielt, jobba for tett på det syriske regimet. For Hoff handla det om å gå ein vanskeleg balansegang mellom kritikk og samarbeid: Ho var avhengig av visum og velvilje for å kunne drive hjelpearbeid i landet, og måtte halde seg inne med myndigheitene. Samstundes retta ho kritikk mot regimet, men då andlet til andlet og aldri bak ryggen deira. I Holths portrett stig det fram ein bestemt, men pragmatisk leiartype, som set alt inn på å få gjort den jobben ho er sett til å gjere.

Det er likevel ikkje glorifiserte skildringar Holth gir av Hoff. Ho er samansett og interessant, med ei «forretningsmessig fremtoning» og ein ganske nådelaus leiarstil. «Nå skjønner du kanskje hvorfor jeg tjener ti ganger så mye som deg?» seier ho til ein tilsett som ho meiner ikkje har gjort jobben sin. Sjåføren skildrar henne som ei dronning. Sjølv seier ho at ho er «litt diktator». Ho stiller høge krav til dei som jobbar for henne, fordi ho reknar dei som privilegerte, og er heller ikkje blind for eigne privilegium, slik ho spist uttrykkjer dei i sitatet ovanfor. I Damaskus budde ho permanent på Four Seasons Hotel, det einaste tryggleiksklarerte hotellet i byen, blant «diplomater, hjelpearbeidere og regimevennlige forretningsmenn».

Holths tilnærming til konfliktpunkta i Hoffs historie er fruktbar i ei sakprosabok av dette slaget, som vil gi lesaren tilgang til krigen heller enn å fyre opp debatt om den: Han går ikkje rundt dei vanskelege spørsmåla, men inn i dei, og opnar dei for lesaren. Ikkje minst får han godt fram kor ulikt krigen ser ut frå innsida og utsida av landet.

Når ein følgjer Hoffs arbeid på gateplan – og på diplomatisk plan – kan kritikken frå utsida framstå som i overkant prinsipiell. Holth legg likevel ikkje skjul på at han som journalist stod i liknande dilemma som Hoff: Slik ho jobba på nåde av myndigheitene, reiser han rundt på same nåde, og slepp ikkje inn i opprørskontrollerte område: «Problemet er ikke hva jeg så, det er alt jeg ikke så», skriv han i epilogen. Undervegs er løysinga å kome seg så nær på som mogleg, og å lytte til og prøve å sortere i historiene han høyrer. I etterkant må medvitet vere kaldt og klårt: Det finst andre versjonar, og sterke krefter har store interesser i kva slags forteljingar om krigen som slepp ut.

«En helvetes jobb» er meir enn ei bok om Elizabeth Hoff. Bokas bilete av Syria blir til i møta mellom fleire personar, ikkje berre mellom Holth og Hoff. Holth fører lange og substansielle samtalar med nokre utvalde syrarar, både i Damaskus og i Norge. Slik får lesaren kome under overflata, nærare på dei faktiske krigserfaringane og dei forferdelege følgjene dei har.

Dette fleirstemte ved boka er verknadsfullt. Det same er Holths språk, som er sobert, men ikkje utan kraft. Han gjer sparsam, men slåande bruk av bilete, til dømes i tilforlatelege skildringar av krigsprofitørar som køyrer svarte SUV-ar side om side med verdssamfunnets kvite Landcruisarar, eller av auga til Assad, som følgjer journalisten frå veggportrettet på eit offiserskontor, lik tømmerstokken i måleriet til Munch.

«Det er vanskelig å beskrive ruiner», skriv Holth ein stad, men nettopp det gjer han effektivt og godt, som i slike samanstillingar: «Barnehager og bombekratre. Undertøysforretninger og undergangsvisjoner». I ei melding av boka i Dagbladet etterlyste kritikaren fotografia til Alexander Nordahl, som følgde med Holth på to av reportasjeturane for DN. Sjølv er eg glad for at desse fotografia ikkje er med, slik at boka fullt og heilt får vere ei forteljing i ord. Holths avmålte, reflekterte prosa kunne fort hamna litt i skuggen av slike augefangande fotografi.

«En helvetes jobb» er ei ganske illusjonslaus bok, rik på refleksjon over eigne begrensingar: «Jeg hadde kommet til Syria fordi jeg trodde jeg ville forstå mer, bare jeg så ting med mine egne øyne. Isteden ble alt bare mer og mer komplisert.»

Det er altså ikkje gitt at Syria-krigen blir mindre komplisert av å lese denne boka, men innsynet og innsikta i det kompliserte blir klårare og sterkare.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 25. januar 2020
Det nye arbeidslivet: I Amazons lagerhaller kan ingen høre deg skrike.
Lørdag 18. januar 2020
Overtramp: Alle disse skandalene som kom og gikk, ikke visste jeg at det var selve livet.
Lørdag 11. januar 2020
En prestasjon: Jesmyn Wards tredje roman er en vond fortelling verdt å lese.
Lørdag 4. januar 2020
Erindring: «Hjemsøkelse» er en uforlignelig roman fra en like uforlignelig forfatter.
Lørdag 28. desember 2019
Brev: I «Kærlig hilsen, Tove» skriver Tove Ditlevsen til redaktøren sin Mogens Knudsen – om alt.
Lørdag 21. desember 2019
Syklisk: Naja Marie Aidts dikt skaper avtrykk av en oppvekst, i en vill bilderikdom.ANMELDELSEEt av de første diktene i Naja Marie Aidts «Poesibok»,...
Lørdag 14. desember 2019
Noko eige: På radikalt vis utfordrar Cecilie Løveid alt som har stivna i språket.
Lørdag 7. desember 2019
WHO: Holths bok gir innsyn og innsikt i den kompliserte Syria-krigen.
Lørdag 23. november 2019
Kan og skal man skille litteraturen fra livet og kunstneren fra verket? Sånne diskusjoner kan være interessante og lærerike, som med Knut Hamsun og Det tredje riket, eller Peter Handke og Milosevic-regimet. Andre ganger er det mindre å lære, og...
Lørdag 16. november 2019
Kongens dag­bøker, som han egenhendig nedtegnet fra 1906 til 1955, er prismet Tor Bomann-Larsen bruker for å skrive historien om Norge i åttebindsverket om kong Haakon og Maud, som nå avsluttes med boka «Kongen». Noen ganger er ikke kongeprismet helt...