Mandag 2. desember 2019
SUBTIL KRITIKAR: Den brasilianske filmskaparen Gabriel Mascaro meiner kritikarar av ny-evangelismen må ta inn over seg kor sofistikert den politiske religiøsiteten har vorte. Sjølv har han prøvd det i filmen «Guddommelig kjærlighet».
– Folk takkar evangelistar for sosial framgang under president Lula, seier filmregissøren Gabriel Mascaro:
Brasils glade autokrati
Dåp:
Nyting:
Tradisjonell satire kjem til kort mot Jair Bolsonaro, meiner opposisjonell filmskapar.

FILM

– Eg trur framtida i Brasil blir eit mareritt, seier Gabriel Mascaro, utan at den dystre spådommen ser ut til å dempa korkje kampviljen eller kreativiteten til filmskaparen.

Klassekampen møtte nyleg Mascaro under festivalen Film fra Sør i Oslo for å snakka om hans juleaktuelle kinofilm «Guddommelig kjærlighet». Her tar regissøren for seg den søramerikanske ny-evangelismen, ei enorm religiøs, kulturell, sosial og politisk vekkingsbølgje som var avgjerande for president Jair Bolsonaros valsiger.

Mascaro skildrar det religiøse fenomenet på originalt vis: I ei nær framtid er karnevalet bytta ut med ein religiøs festival, og bedehusa har vorte neonopplyste «swingers-klubbar», der nyting og sosial framgang står sentralt. Barn er likevel berre er tillatne innanfor ekteskap mellom mann og kvinne.

Hovudpersonen Joana er gjennomsyra av den euforiske tidsånda, men når ho ikkje kan få barn med ektemannen sin, byrjar utopien å slå sprekkar.

Fakta

Gabriel Mascaro:

• Brasiliansk filmskapar (f. 1983).

• Slo gjennom med «Neon Bull» (2015), som tok for seg ein større individuell fridom blant dei marginaliserte i landet under president Lula.

• «Guddommelig kjærlighet» kjem på kino 25. desember. Det er ein framtidsfabel om nyevangelisme og sosialt tilbakeslag under Bolsonaro.

Kropp og politikk

Handlinga og miljøet i «Guddommelig kjærlighet» er motsett av i Mascaros førre film «Neon Bull» (2015), der vi følgde ein krøtterkar frå rodeo til rodeo og stadig nye erotiske møte med andre krøtter­karar.

– «Neon Bull» prøvde å visa endringar i brasiliansk identitet og eit utvida handlingsrom for marginaliserte grupper i samfunnet. Ei utvikling som har vorte reversert dei siste åra, seier Mascaro.

Han meiner at reelle og metaforiske kroppsrøynsler gjev eit godt bilde av framgang og tilbakeslag.

– I dag ser vi ei politisk makt som vil kontrollera kroppane våre, særleg kvinne­kroppane. I kjernen av denne makta finst ein religiøs dagsorden.

Filmen er likevel ikkje ein mørk dystopi.

– Eg ville bryta med satiriske venstre-åtak på evangelismen. Den politiske venstre­sida har ikkje har tatt inn over seg at evangelismen i dag er langt meir sofistikert enn før, blant anna ved å ta i bruk heile det høgteknologiske arsenalet til kulturkapitalismen. «Drive-in-kapell», som eg viser i filmen, er alt ein realitet i Brasil.

Mascaro meiner ord som konservatisme kjem til kort med å fanga ein mangfaldig religiøsitet, som har gått langt i å ekspropriera det mange ­assosierer med ein ultraliberal estetikk.

– Ytre sett er evangelismen hypermoderne. Mange av kyrkjene er som ein «kvit kube», strippa for tradisjonell ikonografi. På same vis er religionen eit konsept som kvar einskild pastor kan fylla med sitt innhald. Noko dei også gjer på svært lukrative vis.

Religion med mål om makt

Biskopen Edir Macedo er blant dei mektigaste, mest ekstravagante kyrkjeleiarane. I tillegg til å ha sitt eige kyrkjesamfunn er han forretningsmann og milliardær med eigen tv-stasjon. Hans klarspråklege bok «Plano de Poder» (Maktstrategien) var viktig for Bolsonaro-kampanjen.

No har Macedo og andre leiande evangelistar løfta blikket frå politikken til høgsterett, der dei kan få gjort meir varige endringar av landet. Mascaro minner om at brasiliansk autokrati i dag ikkje liknar den rå rettsløysa som rådde under militærdiktaturet, men snarare kontrollerer samfunnet gjennom obstruksjon av opposisjonen.

Takkar pastoren, ikkje Lula

Men kvifor er ny-evangelismen populær på tvers av eit så sosialt hierarkisk samfunn som det brasilianske?

– I svært grove drag kan ein seie at dei evangeliske kyrkjene har vore ein alternativ sosial stege som har ført nye grupper inn i den brasilianske eliten. Menn med talegåver har klatra opp fordi dei har meistra eit komplekst, portugisisk bibelspråk. Det har gjeve dei ei enorm meistringskjensle, noko mange brasilianske intellektuelle ikkje forstår, seier Mascaro.

Det som kompliserer utviklinga, sett frå opposisjonen si side, er at den religiøse vekkinga skaut fart parallelt med president Lulas sosiale løft for Brasils fattige.

– Mange fekk litt meir å rutta med medan dei gjekk i kyrkjer der suksess blir vektlagt. Mange lærar å administrera økonomien sin i kyrkja, noko kollektbøssene også tener på. Folk assosierer difor framgangen med religiøsitet, ikkje ein sosial politikk. I augo til mange som naut godt av politikken til Lula, er han ein stor skurk. Jamvel om rettsprosessen mot ekspresidenten vart ein skandale, seier han.

– Det gjer at du ikkje kjem nokon veg med å seia at «pastorane stel pengane dine», slik venstresida prøver. Det er slikt som gjer meg pessimistisk med omsyn til framtida.

guri.kulaas@klassekampen.no

Onsdag 26. februar 2020
• Flertallet i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, bestående av Ap, Sp og SV, mener regjeringens håndtering av Nav-skandalen er sterkt kritikkverdig. Et såkalt daddelvedtak vil likevel ikke få flertall fordi Høyre, KrF, Venstre...
Onsdag 26. februar 2020
SJANSESPILL: Å legge seg ut med den proisraelske lobbyen i USA er en strategisk risikosport, sier Midtøsten-ekspert Hilde Henriksen Waage.
Onsdag 26. februar 2020
IMOT: En lov som hver enkelt står fritt til å tolke, er ikke mye til lov, sier Kjersti Toppe. Hun går mot forslaget om å la kvinner i samråd med lege vurdere abort etter uke tolv.
Onsdag 26. februar 2020
Antall påmeldte bøker til innkjøpsordningen har økt kraftig, og ordningen er presset. Utvalgsleder Anne Oterholm i Kulturrådet mener nye kriterier må til for å bevare ordningen.
Tirsdag 25. februar 2020
• «I dag har jeg hatt min tristeste dag i politikken noensinne», sa Matt Bennett til nettavisa Politico. Bennett jobber for tenketanken Tredje vei, som vil at det demokratiske partiet skal bevege seg mot sentrum. Hendelsen som formørker...
Tirsdag 25. februar 2020
SKJEBNESAK: Det kan ta år før Wikileaks-grunnlegger Julian Assanges skjebne blir avgjort. I går startet rettssaken om utlevering til USA, under kaotiske omstendigheter.
Tirsdag 25. februar 2020
GÅR FRI: Høyre kan ikke se at regjering­en har gjort noe galt i håndteringen av Nav-skandalen. Frp stiller seg bak konklusjonen når saken i dag avsluttes i Stortingets kontrollkomité.
Tirsdag 25. februar 2020
Det er ikke opp til Trond Giske å definere hva seksuell trakassering er, fastslår forfatterne av boka «Giske-saken».
Mandag 24. februar 2020
Det er visstnok helt sør i England det skjer. Bare spør ferskingene i Squid og Porridge Radio.
Mandag 24. februar 2020
Tre år etter en norsk debutklassiker følger Charlotte Dos Santos endelig opp.