Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samanslåtte kommunar får skattesmellFår ikkje endre eigedomsskatten

Tapar millionar på reform

VONBROT: Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) i Stavanger får eit krevjande år i 2020. Kommunen taper 70 millionar kroner i skatteinntekter trass i at kommunen slo seg saman med to nabokommunar. Her er ho i ein radiodebatt med Høgres ordførarkandidat John Peter Hernes. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar Wiederstrøm

STRAFF: Samanslåtte kommunar som har eigedomsskatt, tek med seg ein straffeskatt inn i samlivet. Stavanger taper om lag like mykje som dei fekk i tilskot på å slå seg saman.

Stavanger, Rennesøy og Finnøy vert ein kommune frå nyttår. Med seg i bryllaupsgåve frå staten fekk den nye kommunen 82 millionar kroner til å dekke store eingongskostnadar ved samanslåinga. Men kva hjelper det når den nye kommunen same året taper 70 millionar kroner i eigedomsskatt?