Onsdag 13. november 2019
FRANSK FEMINIST: Céline Sciamma er blant dei mest uttalte feministane i fransk film, no aktuell med «Portrett av en kvinne i flammer».
Adèle Haenel gjorde rett i å varsla offentleg om overgrep, meiner filmregissør Céline Sciamma:
Midt i metoo-stormen
Céline Sciammas partnar, filmstjerna Adèle Haenel, har blåse liv i fransk metoo. Saman har dei laga ein film om stormfull erotikk fri frå dominas.

FILM

Eigentleg skulle Klassekampen ha møtt regissør Céline Sciamma og filmstjerna Adèle Haenel saman i Oslo, for å snakka om deira Cannes-prisa film «Portrett av en kvinne i flammer» – den store julefilmen på norske kinoar.

Men sist veke sprakk metoo-saka som gjorde at Haenel avlyste all presse, og Sciamma måtte stilla utan skodespelaren.

Søndag 3. november publiserte nemleg ein gravejournalist i nettavisa Mediapart eit intervju med Adèle Haenel, der ho hevdar å ha vorte utsett for seksuell trakassering i filmbransjen medan ho var mindreårig (12–15 år).

Skuldingane vart støtta av vitneutsegner og skriven dokumentasjon.

Fakta

Céline Sciamma:

• Fransk manusforfattar og filmregissør (f. 1978).

• Kjent for «Vannliljer» (2007), «Tomboy» (2011), «Girlhood» (2014).

• Kinoaktuell til jul med «Portrett av en kvinne i flammer». Filmen har fleire førvisingar i Oslo og Cinemateket viser i november Sciammas tidlegare filmar.

• Skodespelar Adèle Haenel står i ei stor fransk metoo-sak.

– Gjer alt rett

Intervjuet har skapt offentleg storm i Frankrike. Det har gjort inntrykk at ei så etablert stjerne som Haenel har stått fram.

Adèle Haenel er blant Europas mest ettertrakta karakterskodespelarar, 30 år gammal har ho alt to høgthengande franske César-prisar.

Det har òg vekt oppsikt at Haenel grunngav dei offentlege skuldingane med mistillit til det franske rettsvesenet.

– Adèle gjer heilt rett. Det franske rettsvesenet har ikkje brydd seg om metoo, og først ved å gå utanom rettsvesenet har ho klart å vekkja rettens interesse, seier Céline Sciamma, som har vore Haenels partnar i tolv år.

Sciamma viser her til at påtalemakta i Paris få dagar etter intervjuet innleidde førundersøkingar mot den overgrepsskulda mannen, filmregissøren Christophe Ruggia.

– Det filma intervjuet vil bli teksta så omverda får tilgang til det. Det er verkeleg eit politisk statement. Adèle fortel si historie med eigne ord, men ho får også fram at overgrepa mot henne ikkje er ei einskildståande sak, at ho målber historiene til mange, seier Sciamma.

Metoo-rørsla tok aldri av i Frankrike, snarare tvert om, men Haenels utspel har fått ting til å skje fort. I tillegg til dei juridiske granskingane har Haenel vorte møtt av støtte på sosiale media frå andre stjerner som Marion Cotillard. Christophe Ruggia har vorte ekskludert frå det franske regissørlauget – ein svært sjeldan reaksjon.

Ruggia har uttala til Mediapart at han kan ha hatt eit «tak» om Haenel, men nektar kategorisk for det Haenel kallar seksuell trakassering og usømeleg berøring av pedofil karakter.

Konservativ bransje

Sciamma meiner heile den franske filmbransjen har eit mannsproblem – frå filmforvaltinga til kritikarar.

– Det franske støttesystemet, og interessa for filmkultur, er fantastisk. Eg vil absolutt bevara det. Samstundes lir bransjen under eigen suksess: Dei mange etablerte mennene verkar konserverande, og deira makt gjev utslag som krev reform.

Manusforfattar og regissør Céline Sciamma er reformator gjennom eigen kunstnarpraksis. Ho står mellom anna bak filmar som «Vannliljer» (2007), eit gryande kjærleiksdrama mellom tre tenåringsjenter, «Tomboy» (2011), om eit småjente som gjev seg ut for å vera gut, og «Girlhood» (2014), om ei forstadsjente som vel gjengen framfor dei motsette konformitetskrava i heim og skole.

Alle filmane handlar om å finna seg sjølv og sin plass i verda. Tematikken kulminerer i årets «Portrett av en kvinne i flammer», som vann manuspris og Queer-pris i Cannes. Handlinga er sett til Bretagne-kysten rundt 1770, og bryt ny grunn for historiske drama med si intellektuelle skildring av eit forhold mellom to kvinner: Kunstmålaren Marianne (Noémie Merlant) som har i oppdrag å portrettera Héloïse (Adèle Haenel) for sin komande – uønskte – ektemann.

Lyst utan maktdominans

Den internasjonalt hylla filmen har vist seg uventa «avantgarde» i Frankrike. Franske filmkritikarar («alle menn») synest den lesbiske kjærleikshistoria er tam og viser for lite «kjøt». Sciamma dveler mindre ved nakne kvinnekroppar og lesbisk sex enn Abdellatif Kechiche gjer i «Blå er den varmeste fargen» (2013).

– Fransk filmkritikk opererer ikkje med elles kjende omgrep som «mannsblikk». Dei snakkar berre «Kunstnarens» blikk, som Gud åleine må vita kor kjem frå, seier Sciamma.

– Eg meiner kritikkane viser at dei ikkje kjenner til lyst utan eigedomsbegjær! Det er ikkje rart. Jamvel på filmskolen lærer vi at ein god scene mellom to personar er definert av at den eine vil ha noko den andre ikkje vil gje frå seg – før dynamikken så vender, legg ho til.

Det er slike strukturar og tenkjemåtar Sciamma vil bryta med i filmen. Marianne og Hèloïse innleier eit forhold først då dei kan møtest som likeverdige partnarar. Tematikken gjorde det viktig å leggja handlinga til opplysingstida.

– Dette var epoken då universalismen både vart løfta til topps i fransk idéverd og etablert som «nøytralitet» ført i pennen av kvite, franske menn. Det var då Rousseau og Voltaire debatterte om kvinner burde få utdanning, også kunstutdanning. Og det fanst mange, gode, gløymde kvinnelege kunstmålarar.

Kvinnefrigjeringa er ikkje lineær, meiner Sciamma: Det er framsteg og tilbakeslag.

– Sjå berre på kjolelommene til Marianne i filmen. Publikum trur det er eit anakronistisk nikk til vår samtid, men det er historisk sannferdig! Kvinner hadde lommer. Det var så mykje som vart tatt ifrå kvinner på 1800-talet. Lommer var ein av tinga, og vi har knapt fått dei att. Tenk på dei små, tronge lommene i damejeans. Det ligg mykje symbolikk i lommer.

guri.kulaas@klassekampen.no

Onsdag 29. januar 2020
Allerede i høst kom det meldinger om trøbbel med leveransene til det nye Munchmuseet. Først mandag ble det kunngjort at nyåpningen må utsettes.
Tirsdag 28. januar 2020
Skrivekunstakademiet i Bergen kvoterer inn gutter for å unngå reine jenteklasser, forteller daglig leder Øyunn Viken.
Mandag 27. januar 2020
Én av fire bokdebutanter faller av. Rebecca Wexelsen hadde forlaget i ryggen da hennes første bok ble fullstendig oversett i mediene.
Lørdag 25. januar 2020
Venstres Abid Raja tar over som kulturminister etter partileder Trine Skei Grande. Kulturlivets aktører står klar med en lang kravliste.
Fredag 24. januar 2020
Medietilsynet er skeptisk til å gi vide fullmakter til et nytt mediestøtteråd. – Det kan være utfordrende å samle såpass mye makt på ett sted, sier direktør Mari Velsand.
Torsdag 23. januar 2020
Aschehoug får kritikk for å la debutanter seile sin egen sjø. – Vi har en sunn rekrutteringspraksis, svarer forlagssjef Nora Campbell.
Onsdag 22. januar 2020
Uønskede kommentarer om kropp og sex er like utbredt i mediebransjen som for to år siden, viser ny undersøkelse. – Vi må forstå alvoret, sier journalist Ragnhild Ås Harbo.
Tirsdag 21. januar 2020
Ved å utelate Utøya-naboene tidlig i prosessen kan man ha rotet bort sjansen til å få en konstruktiv dialog om minnested etter 22. juli, mener forsker.
Mandag 20. januar 2020
I Hamar har det vært arbeidet i 26 år for å få på plass et museum som hedrer den folkekjære poeten Rolf Jacobsen. Fortsatt er planene helt i det blå.
Lørdag 18. januar 2020
Skattedirektør Hans Christian Holte er skeptisk til at flere land inn­fører nasjonal digitalskatt. – Det kan svekke krafta i den internasjonale prosessen, sier han.