Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleirtalet i lakseskattutvalet vil ha skatt på næringas profitt, men LO seier nei:

LO forsvarer superprofitt

NÆRINGA TIL LAGS: LO, NHO og kommunane seier nei til innføring av grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa. På oppdrettsselskapet Grieg Seafoods slakteri i Hammerfest blir store mengder laks slakta dagleg. FOTO: OLE MAGNUS RAPP Ole Magnus Rapp

SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og utvikle arbeidsplassar i Noreg.

Driftsmarginane i oppdrettsnæringa har dei siste ti åra i gjennomsnitt vore nær fem gonger høgre enn i industrien. Likevel vil LO-representanten i lakseskatteutvalet, Grethe Fossli, ikkje ha ei ekstraskattlegging slik fleirtalet i utvalet ønskjer.