FERJEFRITT: Bru eller berre betre veg mellom ferjeleia? I Hordaland står striden om Hordfast, eit vegprosjekt til 35 milliardar kroner.
Trafikkljoset før den smale einfelts brua over Alversund nord for Bergen står på raudt, og bilane hopar seg opp på austsida. På andre sida av den 300 meter lange hengebrua har bilane fått grønt, og no sniglar eit titals køyretøy seg over før det kjem raudt att. Brua er ein flaskehals. Kvar dag passerer 6300 køyretøy, men berre i ei køyreretning om gongen.