Mandag 21. oktober 2019
SÅ GLAM AT DET ER ABSURD: Michael Monroe og hans tighte band. FOTO: TOMMY ÖSTBY
Ideala: Å vere rockar er å slåst mot systemet, seier Hanoi Rocks-legende.
Framleis rock’n’roll
Væpna med høgt hår og eyeliner jaktar Michael Monroe stadig på den perfekte plata.

Intervju

Det var i Helsinki 1967 at femåringen Matti Antero Kristian Fagerholm starta med pianotimar. Som 8-åring vart han introdusert til rock via tv, der han såg Black Sabbath med «den gale songaren med det lange håret». Slik ville også Matti bli. Det måtte gå an å spele Black Sabbath på piano, tenkte han. Seinare vart han introdusert til blues og reggae og Little Richard gjorde at han blei forelska i saksofonspel. Han lærte også å spele gitar. Med dette på plass, væpna med høgt hår, eyeliner og rock and roll, starta karrieren til mannen vi i dag kjenner som Michael Monroe, medgrunnleggar og frontmann i bandet Hanoi Rocks.

Når vi ein grå oktoberkveld har fått ein Skype-avtale med den smått legendariske rockaren, ser vi på skjermen ein Monroe med det same smilet og den same entusiasmen som vi ser på scena når han opptrer. At rock and roll er ein livsstil, er det ingen tvil om. Denne hausten er han ute med nok ei plate, «One Man Gang» er soloalbum nummer ti for Monroe, som har rekt å bli 57 år, og i morgon kveld kan han opplevast live i Oslo. Men det hele starta for 40 år sidan, i 1979, da Hanoi Rocks blei fødd.

Fakta

Michael Monroe

• Vokalist og multiinstrumentalist, fødd 1962 i Helsinki og etter kvart kjend under scenenamnet Michael Monroe.

• Var i 1979 med å danne bandet Hanoi Rocks, som fram til 1985 ga ut fleire plater og fekk seg eit namn på den internasjonale glam-scena.

• Då trommisen Razzle mista livet i ei Mötley Crüe-relatert bilulykke, braut bandet saman. I tida etterpå satsa Monroe på solokarriere, før bandet i 2001–09 gjenoppstod.

• Fredag slapp Monroe sitt solalbum nummer ti, «One Man Gang».

Kultband med bagasje

Hanoi Rocks var eit rockeband frå Finland, som i fem år regjerte glam-scena med stor stil. «Problemet» var at stordomstida fann tid før dei rakk å bli verkeleg verdskjende. På sin fyrste USA-turné desember 1984 skada Monroe ankelen, og bandet måtte ta nokre dagar med pause før dei kunne spele att. Fleire i bandet nytta fridagane til å dra på fest til Vince Neil, vokalisten i Mötley Crüe. Ein skjebnesvanger fyllekøyring til spritsjappa resulterte i at Hanoi Rocks-trommis Razzle døydde. Etter dette tok det ikkje mange månadane før Hanoi Rocks la inn årene, og Monroe starta etter kvart på si solokarriere.

Mellom 2001 og 2009 kunne likevel Hanoi Rocks-fansen glede seg over at dei to grunnleggjarane Monroe og gitarist Andy McCoy bestemde seg for å finne att til gamle takter, og starta å turnere og lage ny musikk som Hanoi Rocks.

– Men eg vil understreke at det ikkje var ein reunion, det var ein «rebirth». Dette var noko heilt anna enn det Hanoi Rocks var før, fortel Monroe.

Når prosjektet ikkje lengre var så gøy å drive, bestemde dei seg for å gjere ein avskjedsturné i 2009, der dei siste åtte konsertane gjekk over seks dagar på klubben Tavastia i Helsinki, den same klubben der Hanoi Rocks tretti år tidlegare gjorde sin fyrste konsert. På fleire av desse showa gjesta fleire originale bandmedlem scena. I dag, ti år etterpå, er fansen like hengiven, og legenda om kultbandet når stadig fleire.

Død, fengsel eller rock

Michael Monroe har vore busett i London og New York. Han namedroppar kjendisar frå venelista si, han har spelt med dei største, og gjer det framleis. Men for Monroe handlar det utelukkande om musikken – ikkje fasaden. Andre kan synge om «sex and drugs and rock and roll», men Monroe har i staden ein låt frå 1989 kalla «Dead, Jail or Rock ‘N’ Roll». Han driver med musikk fordi han stadig vil bli betre, fortel han på telefonen. Framleis higar han etter «greatness» og jaktar den perfekte plata (som han veit er uoppnåeleg). Han er svolten på å stadig bli betre.

– Dead, jail or rock and roll; ei verkelegheitsbeskriving som følast riktig. Eg har aldri vore interessert i rus og festen rundt. Det å berre leve rockelivet for festen si skuld, ikkje musikken – for meg blir det feil. Å vere rockar er å slåst mot, og kritisere, systemet.

«Sun City», «Junk Planet»

Å slost mot eit urettferdig system, det har faktisk Monroe gjort. I 1985 blei han invitert med av Little Steven til å bidra på «Sun City» – låta der Artists United Against Apartheid tok kampen mot apartheid i Sør-Afrika, ved konkret å ta avstand frå å opptre i underhaldningskomplekset Sun City.

– Dette er framleis det eg kanskje er aller mest stolt av i mi karriere, å få lov å vere med på kampen mot apartheid. Eg har framleis diplomet eg fekk av FN hengande på veggen, seier Monroe.

– Som musikar har ein eit ansvar for å seie ifrå når ting ikkje fungerer. Eg kan ikkje forstå at land framleis lagar våpen, når dei heller skulle ha leita etter løysingar for å kurere sjukdom. Eg forstår det ikkje! Det hadde ikkje vore naudsynt å ha svolt og fattigdom i verda, om vi berre delte rettferdig. Men altså, eg vil ikkje bli for tung og forkynnande, seier han – og går straks vidare til å karakterisere klimaproblemet som ei klimakrise, noko han no tematiserer i låta «Junk Planet».

«Eg er ingen glamrockar»

At han er ei legende i glam-verda, er han usikker på.

– Folk kalla Hanoi Rocks for glam, og vi var vel litt inni glam-punken. Men eg har alltid sett på meg sjølv som ein som speler og lever rock. Utan merkelappar.

Fredag slapp Monroe albumet «One Man Gang», ei plate Monroe beskriv som både variert og med ein raud tråd.

– Eg trur det er ei av dei beste platene vi har laga med dette bandet. Bandet har verkeleg «come of age», blitt tightere og betre. Dei 12 spora er all killers, no fillers, ler han, og lovar i same slengen eit killer show tirsdag kveld.

Sidan bandet ikkje har spelt så mykje i Oslo før, tar dei med seg at kanskje ikkje så mange har sett dei før. Difor er planen å både spele låtar frå nyeplata, men også litt frå Hanoi Rocks-katalogen og litt frå hans 90-tallsband Demolition 23.

– Alt kan skje i morgon, og sånn blir det antakelegvis!

musikk@klassekampen.no

Tirsdag spelar Michael Monroe med band på John Dee i Oslo.

Artikkelen er oppdatert: 8. november 2019 kl. 14.51
Mandag 11. november 2019
Nordicana er i ferd med å bli et internasjonalt begrep. Det er en ­frodig og variert scene, ­anført av flere talentfulle norske artister.
Mandag 4. november 2019
Tro i brøstet, kor i ryggen og fortsatt tett i panna. Kanye West presterer helt opp mot gamle musikalske bragder på sitt første rene kristenalbum. Men hvor ble det av desperasjonen?
Mandag 4. november 2019
Ute med nok en kritikerrost skive, som nå skal framføres på flere europeiske scener, og likevel regner ikke Jenny Hval seg lenger seg som musiker.
Mandag 28. oktober 2019
Hun ble deprimert av å synge sine egne sanger. Med sitt nye minialbum «Det går bra» vil Bendik motivere også publikum til å smile litt mer.
Mandag 28. oktober 2019
Oslo World-aktuelle Nihiloxica produserer industriell tradisjonsmusikk med bakgrunn sørvest for Nilen i Uganda.
Mandag 28. oktober 2019
AlbumNeil Young & Crazy Horse«Colorado»Reprise Records/Warner MusicHHHHJIYou might say I’m an old white guy
Mandag 21. oktober 2019
En vanskelig og ugjestmild prosess til tross, med en møysommelig jakt på de rette byggeklossene: Fredag er det endelig tid for Helge Sten sitt første Deathprod-album siden 2004.
Mandag 21. oktober 2019
William Basinski laget det ­definitive musikk­verket om 11. september. Nå besøker han ­Bergen med en plate bygd på lyden av to svarte hull som knuller.
Mandag 21. oktober 2019
Væpna med høgt hår og eyeliner jaktar Michael Monroe stadig på den perfekte plata.
Mandag 14. oktober 2019
DobbeltalbumNick Cave and The Bad Seeds«Ghosteen»Ghosteen/Bad Seed Ltd.HHHHHHDet er interessant å...