Fredag 18. oktober 2019
KRITISK: Investor Jens Ulltveit-Moe synst det er synd at forslaget til nasjonal ramme for vindkraft blir lagt vekk. Han fryktar det går ut over målet om klimagasskutt. FOTO: TOM HENNING BRATLIE
• Regjeringas vindkraftplan endar i ein skuff • Møllene kjem uansett, seier bransjeforeining
Fryktar at klimamål glipp
MOTVIND: Regjeringa legg vekk vindkraftplan etter massiv motstand landet rundt. – Skuffande, seier investor Jens Ulltveit-Moe.

Vindkraft

Den omstridde forslaget til nasjonal ramma for vindkraft, som peikte ut 13 godt eigna område for vindkraftutbygging, er lagt i ein skuff.

Investor Jens Ulltveit-Moe er kritisk.

– Dette er skuffande. Eg undrar meg over kor regjeringa kan finna fornybar kraft utanom vind. Dei kan sjølvsagt få litt meir frå vatn, sol og biodrivstoff. Men alt det er veldig dyrt. Dette bidrar at det blir vanskeleg å nå måla for 2030 om å kutta CO2, seier han.

Han meiner forslaget som kom frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) var godt.

– Det sa klart kor ein kan bygga og ikkje bygga. Det er store område ein ikkje skal bygga, seier Ulltveit-Moe.

All utbygging har ein kostnad.

– Ingen fornybar energi er utan skadeverknad. Men å ikkje gjera noko, gir store skadeverknader på klimaet.

Fakta

Vindkraft:

• Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) la tidlegare i år fram eit forslag til nasjonal ramme for vindkraft.

• Forslaget peikte på 13 område som er godt eigna for utbygging av vindkraft.

• 97 kommunar har areal innanfor eit av dei 13 områda.

• Det kom inn over 5000 høyringsinnspel. Dei fleste var kritiske.

• I går varsla regjeringa at forslaget blir lagt vekk og at konsesjonssystemet for vindkraft skal endrast.

Åtvarar mot detaljkrav

Samstundes som forslaget til nasjonal ramme er lagt vekk, varslar regjeringa at alle konsesjonssøknadar blir liggande på vent til det er gjort ein gjennomgang av konsesjonssystemet. Ein av søknadane som ligg i ein bunke hos Olje- og energidepartementet, er ein signert selskapet Zephyr. Søknaden blei sendt i 2011 og er no til klagebehandling.

Olav Rommetveit, administrerande direktør i Zephyr, ber regjeringa også lytta til bransjen når det skal gjerast endringar i konsesjonssystemet.

– Eg håpar myndigheitene også vil lytta til oss i bransjen. Me ser at Norge har nokre fordelar i høve til andre land, med at me har fleksible konsesjonar, seier han.

Han seier det er viktig for å ta i bruk den nyaste teknologien ved byggestart.

– Det betyr at det ikkje står absolutte krav til turbinhøgde, rotorhøgde og talet på turbinar, seier han.

Spår stor utbygging

Rommetveit er ikkje like negativ til at den nasjonale ramma er lagt vekk.

Han meiner den ikkje var eit godt verktøy for utbygging av vindkraft.

– Motstanden blir vel ikkje vekke sjølv om rammeplanen er lagt vekk?

– Nei, den gjer ikkje det. Det er ei openberr utfordring for bransjen. Me må prøva å utvikla prosjekt som er akseptable i lokalsamfunnet. Det må me og samfunnet jobba med. Eg trur me må ha eit endå tettare samarbeid i lokalsamfunnet og at meir verdiar må ligga att i lokalsamfunnet.

Administrerande direktør i Norwea Øyvind Isachsen hadde heller ikkje sansen for den nasjonale rammeplanen. Han meiner det var klokt av regjeringa å legga forslaget vekk.

– Det me ikkje likte med ramma var at det såg ut som at landet skulle peprast med møller. Det som irriterer meg med ramma er at den har tatt nattesøvnen frå folk, seier han.

– Betyr dette at det blir mindre utbygging av vindkraft?

– Nei. Norge kjem ikkje unna vindkraft.

– Blir det ein meir planlaus utbygging?

– Utbygginga vil komma der det er kapasitet i nettet. Me må bygga like mykje som me har bygd til no. Me kjem å bygga ut mellom 15 og 20 terawattimar med vindkraft. Då er det om å gjera å finna ut kor.

– Kjem dei internasjonale investorane til å få kalde føter av dette?

– Dei hever augnebryna og sjekkar det ein gang til. Men dei norske vindressursane er så vanvettig bra.

Blant vindkraftmotstandarane er reaksjonane på at regjeringa legg vekk den nasjonale rammeplanen delte.

På den eine sida er dei glad for debatten planen har skapt. På den andre sida fryktar dei ei uregulert utbygging.

– Dette er bra for dei områda som blei tenkt innanfor rammeplanen, men for Norge generelt betyr det at det er fritt fram for å søka om å bygga kor som helst, seier Eskil Sandvik, leiar for vindkraftmotstandarane på Frøya i Trøndelag.

– Du ser på dette som ein delt siger?

– Me må sjå på det som litt siger. Det har trass alt komme 5000 høyringssvar. Det er ein betydeleg jobb som er lagt ned i heile Norge, frå kommunar, organisasjonar og privatpersonar. Men eg er stygt redd for at regjeringa no kan opne for det meste. Eg håpar det betyr at dei er meir forsiktig, og at det kjem nye reglar og nye konsjonkrav, for slik det er no er det nesten ingen krav i det heile tatt, seier Sandvik.

Tilbake til start

Kari Merete Andersen er aktivist i Sørmarkfjellet og aktiv i danninga av organisasjonen Motvind Norge. Også ho meiner prosessen har vore viktig, men er ikkje udelt positiv til resultatet:

– Me er litt redd for at me er tilbake der me var før den nasjonale plan; at det blir fritt fram for utbyggarar å angripa kor som helst, seier Andersen, som lovar framleis motstand:

– Me i Motvind Norge er framleis på hogget, seier ho.

Også Naturvernforbundet er redd ein utan ein nasjonal rammeplan for vindkraft vil få ei uhemma og planlaus utbygging:

– Planen var ikkje bra nok og inneheldt mange sårbare naturområde. Men i staden for å droppa den, burde regjeringa heller sett på korleis dei kunne ha forbetra han, for eksempel ved å sjå på korleis vindkraft kan byggast i allereie industrialerte område, seier Silje Ask Lundberg, leiar av Naturvernforbundt.

Ho trur ikkje motstanden mot vindkraftutbygging vil gi seg, sjølv om den nasjonale rammeplanen no blir skrota.

– Om regjeringa tenker at det å legga vekk denne planen vil skapa mindre motstand, då forstår dei ikkje kva motstand er, seier Lundberg.

Ho er derimot positiv til at alle konsesjonssøknadar er sett på pause inntil konsesjonsvilkåra er oppdaterte.

– Regjeringa må også sjå på dei konsesjonane som alt er gitt og ha ei etterkartlegging på biologisk mangfald der. Me får stadig inn eksempel på konsesjonar som er gitt på éin føresetnad, og så viser det seg at det er langt større naturverdiar der, seier Lundberg.

annekarih@klassekampen-no

fridag@klassekampen.no

Torsdag 14. november 2019
NY TID: Linn Herning har lenge vært bekymret for utviklingen av offentlig sektor. Først etter at hun ble alvorlig sjuk, ble hun ordentlig redd for at velferdsstaten ikke alltid kommer til å redde henne.
Onsdag 13. november 2019
KJØRER PÅ: Frp har abdisert som bilistenes parti, mener Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum. Han tar gjerne over tittelen.
Tirsdag 12. november 2019
MOT SKATT: En omfattende lobbykampanje i regi av sjømatnæringen ble sjøsatt for å hindre at norske oppdrettsselskaper skal bli ilagt grunnrenteskatt.
Mandag 11. november 2019
REDSKAP: Flere rødgrønne partier vil ta større kontroll over Oljefondet for å nå klimamål. SV åpner for å klimainvestere deler av fondet i Norge.
Lørdag 9. november 2019
SNAKKER: Flere LO-topper steilet da sentrale Ap-profiler åpnet for å ta med MDG i regjering. Nå har MDG gått i dialog med fagbevegelsen med mål om tettere samarbeid.
Fredag 8. november 2019
PRESSET: Trygderetten drukner i saker og har doblet saksbehandlingstida de siste årene. Nå må de forberede seg på en formidabel jobb om feilaktige Nav-saker skal behandles på nytt.
Torsdag 7. november 2019
URO: Det siste året har to av tre nye jobber kommet i bare to fylker – Oslo og Akershus. Aps Hadia Tajik mener regjeringens arbeidsmarkedspolitikk er «distriktsfiendtlig».
Onsdag 6. november 2019
GULL: Lakseoppdrett er god butikk. Samla formue til dei største eigarane i 18 av dei største selskapa runda ni milliardar kroner i 2018.
Tirsdag 5. november 2019
SLAKTA: Havbruksnæringa hentar ut ein ekstraprofitt på 20 milliardar kroner i året. LO meiner det trengst for å halde på og ut­vikle arbeidsplassar i Noreg.
Mandag 4. november 2019
LEIES INN: Barnehager i landets største kommuner leier vikarer fra bemanningsbyrå for titalls millioner hvert år. Fylkeslag i Utdanningsforbundet foreslår tiltak mot byråene.