Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nærvær: Therese Tungen skriv langsame noveller med nerve.

Kjærleikens tilstandar

KLASSISKE KVALITETAR: Therese Tungen må ha late seg påverke av Alice Munro. FOTO: TINE POPPE

Kva liknar på kjærleik? Nærleik rimar på kjærleik, varme kjenner ein for fleire enn den næraste, og begjær kan bety både det eine og det andre. Sorg, sinne, skuffelse kan vere teikn på kjærleik, men kan kjærleiken også vere valdeleg? Og kva skjer med kjærleiken som har budd i oss før – forsvinn den, eller ligg den der, usynleg og umerkeleg, også for oss sjølve? Snakkar vi om det same, når vi snakkar om kjærleik?