Onsdag 25. september 2019
HÅPAR PÅ LØYSING: For bonde Magne Raastad merkast streiken i Felleskjøpet Agri godt. Både eggproduksjonen og kornproduksjonen er råka. Han håpar streiken snart er over.
• Streiken kom på det verste tidspunkt for kornhaustinga • Sikrar seg fôr hos konkurrent
Inga akutt krise – enno
Undersak

Sterkt bekymra

Felleskjøpet Agri opplyser at dei er svært urolege for at streiken og den låge produksjonskapasiteten på fôrfabrikken på Kamno i Østfold skal gå ut over dyrevelferda. Det er svine- og fjørfebønder på Austlandet som blir råka.

Fôrfabrikken på Kambo produserer dagleg 700 tonn fôr på ordre. Som følge av streiken går dei i dag berre kapasitet til ein produksjon på 200 tonn dagleg.

«Dette betyr at vi mangler 500 tonn fôr til markedet hver dag, noe som vil si at rundt 30 bønder daglig ikke får fôret de vanligvis bestiller fra oss», skriv kommunikasjonssjef Thomas Skjennald i Felleskjøpet Agri.

«Vår største frykt er at bønder skal gå helt tomme for fôr. Skjer det, vil situasjonen for dyrebesetningene raskt blir prekær.Så langt tyder signalene fra våre kunder på at dette ikke har skjedd, og at andre leverandører i markedet har avlastet situasjonen. Det betyr at enkelte besetninger har fått nye fôr og dette kan også skape utfordringer for dyrene som kan være sensitive for fôrskifter», skriv Skjennald.

RÅKA: Då streken i Felleskjøpet Agri var eit faktum, tok bonde Magne Raastad kontakt med ein alternativ kraftfôrleverandør. Men streiken vil gi han tap på årets kornproduksjon.

STREIK

Sola skin ikkje lenger over Hadeland etter ein godvêrs­periode, og bonde Magne Raastad har fleire bekymringar som gneg. 450 dekar korn står framleis ute på åkrane, klart til hausting.

Men stengde kornmottak som følge av streiken i Felleskjøpet Agri gjer at to tredjedelar av alt han har sådd i år, ikkje er kome i hus.

Raastad har både kornproduksjon, kyr og høner. Det er eggproduksjonen og kornproduksjonen som er råka av streiken i Felleskjøpet Agri, som no har halde på i over ei veke. Neste veke får Raastad levert nye høner. I går fekk han melding frå Felleskjøpet Agri om at fleire av fôrtypane han bruker til hønene, ikkje kan leverast framover.

– Korleis merkar du streiken i Felleskjøpet?

– For meg har det veldig stort utslag. Det er ei veldig uvisse om eg får fôr, seier Raastad, som sjølv er ein av dei 44.000 bøndene som saman eig samvirket. Derfor vil han helst vera ein lojal kunde, men når det er fare for at dyra ikkje får mat, må han sjå etter alternativ.

I dag får han besøk av ein alternativ kraftfôrleverandør, for ein mogleg leveranse av det kraftfôret han treng.

Fakta

Felleskjøpet-streik:

• 532 medlemmer i YS-forbundet Negotia er tatt ut i streik i Felleskjøpet Agri.

• Streiken har ført til at produksjonen ved fôrfabrikken Kambo i Østfold er svært redusert. Frå måndag har fabrikken mangla 500 tonn fôr til svin og fjørfe.

• Kornmottaka på Grue og Hadeland er ute av drift.

• Store delar av salsapparatet og kundetenesta er også tatt ut i streik.

• Fleire butikkar er stengde, mens andre har avgrensa opningstid.

Kjelde: Felleskjøpet Agri

Verre dag for dag

Det var natt til tysdag for ei veke sidan at streiken var eit faktum. Klassekampen har vore i kontakt med fleire aktørar for å få eit bilde av konsekvensane av streiken for bøndene.

Oppstår det ein situasjon der dyrs liv og helse er i fare, kan regjeringa gripa inn med tvungen lønnsnemnd.

Mattilsynet følger situasjonen frå dag til dag og rapporterer til regjeringa.

Til no har Mattilsynet fått kring 30 meldingar om forventa fôrmangel eller bekymring med omsyn til brå skifte til anna fôr, opplyser dei.

«Mattilsynet har så langt fått opplyst at dyreholdere med akutt fôrmangel i tide har fått levert fôr, men ofte bare mindre mengde», skriv Mattilsynet i ein e-post til.

Olav Eik-Nes er administrerande direktør i Norsvin, eit samvirkeføretak eigd av svineprodusentar. Han seier at dei ikkje har fått meldingar om svinebønder som manglar fôr.

– Eg sit ikkje med informasjon om at produsentar hos oss er i krise, seier han.

Norsvin samlar opp mot 1700 svinebønder.

Tapar økonomisk

Heller ikkje ifølge Norges Bondelag er bønder i krise, på grunn av fôrmangel per i dag.

– Det er ikkje dramatisk i dag. Dei klarar seg nokre dagar til, seier kommunikasjonsrådgivar i Bondelaget, Guro Bjørnstad.

Fleire bønder har som Raastad tatt kontakt alternative kraftfôrleverandørar. Det kan dagleg leiar i Norgesfôr Martin Dombestein stadfesta.

Han seier at det måndag og tysdag har vore ein viss auke i førespurnadar frå bønder som normalt ikkje er kundar, om kjøp av fôr.

– Førebels er det få og relativt handterlege mengder.

– Kor mange kan de levera til?

– Det er umogleg svara på. Me har noko ekstra kapasitet og gjer det me kan for å hjelpa bønder som har formangel. Dyra kan ikkje svelta. Me gjer det ytste me kan.

– Men du opplever ikkje noko krise i dag?

– Nei, det gjer me definitivt ikkje, men den enkelte bonde som er råka, kan oppleva situasjonen som krevjande.

På Hadeland er Raastad også trygg på at hønene som kjem neste veke, vil få mat. Men det er ikkje gunstig å skifta fôr.

– I oppstarten er det veldig viktig med jamn fôring. Eg kan ikkje driva å byta. Eg må skaffa fôr. Det er ikkje eit anna alternativ.

Han fortel at han tok kontakt med ein alternativ leverandør den dagen då streiken var eit faktum. Han skal også få kornet i hus, men han kjem til å tapa økonomisk. Han sjekkar yr.no og er redd opphaldsperioden snart skal vera over.

I går kom det litt regn. I fjor kom snøen 8. oktober til Hadeland, fortel han.

– Viss me får regn i 14 dagar no, så vil det ha store økonomiske konsekvensar for meg. Men eit eksakt beløp er vanskeleg å anslå.

– Har du sympati med dei som streikar?

– Eg har respekt for streikeretten, men å bruka innhaustingsperioden til norske bønder er utidig. Dei som står som streikevakter seier dei ikkje får negative tilbakemeldingar, men det er ikkje rett. Det er fleire som synst dette er vanskeleg, meg sjølv inkludert, seier han.

annekarih@klassekampen.no

Mandag 14. oktober 2019
FRONTER: Forbundsledelsen håper i det lengste på et kompromiss, men mye tyder på at det blir kamp­avstemning for eller mot EØS i Fellesforbundet.
Lørdag 12. oktober 2019
SMUTTHULL: ­Norge vil forplikte seg til å kutte 40 prosent av utslippene innen 2030 gjennom en avtale med EU. Men avtalen åpner for at man slipper å ta kuttene i Norge.
Fredag 11. oktober 2019
KONTROLL: Snart går toget for norsk råderett over jernbanen. Torsdag lammet ansatte på tog, buss og bane kollektivtrafikken i protest mot at EU får kontroll over togene.
Torsdag 10. oktober 2019
KRYMPER: De store industriarbeiderforeningene er ryggraden i Fellesforbundet. Men på mange verft er nå østeuropeiske innleide arbeidere i flertall.
Onsdag 9. oktober 2019
OPPRUSTING: Forsvarssjefen vil helst ha 25 milliarder kroner i økte forsvarsbudsjetter. Det er like mye som Solberg-regjeringens samlede skattekutt.
Tirsdag 8. oktober 2019
GÅR IKKE: – Tidenes grønneste budsjett, sier Venstres Ola Elvestuen om budsjettet som viser at Norge ligger an til å bryte klimamålene for 2020 og 2030.
Mandag 7. oktober 2019
AVSLAG: Anniken Nymo fra Harstad har sterke smerter og alvorlig angst og depresjon. Fastlege og psykolog mener hun ikke klarer å jobbe, men Nav-legen mener hun først må gå ned i vekt.
Lørdag 5. oktober 2019
SIER JA: MDG-profiler tar plass i Europabevegelsens sentralstyre. Byråd i Oslo, Hanna E. Marcussen, mener EU trengs for å løse klimakrisa.
Fredag 4. oktober 2019
BLÅ SMELL: Målet var at annenhver nordmann skulle bo i en Høyre-styrt kommune. Nå ligger det an til at knapt én av ti vil gjøre det.
Torsdag 3. oktober 2019
SKILT: Når lærerutdanningen i Nesna legges ned, sendes faglærerne til Bodø og studentene til Mo i Rana. Sist Nord Universitet prøvde å utdanne lærere i Mo i Rana, gikk det ikke.