Mandag 23. september 2019
SAMLAR ALLE SOM FORMIDLAR FILM TIL PUBLIKUM: Biff-sjef Tor Fosse kallar for tredje år på rad inn til konvent for filmformidling. I år under trugsmål om statleg støttekutt til filmkultur. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM
Med Netflix i stova krev publikum meir av kinoane. Debattar om filmane og møte med regissørar dreg folk.
Folk vil snakka om film
Undersak

Kunstkino for alle

Vega Kino, Oslos første fulldrifts kunstfilmkino, har snart eksistert i eitt år. Det året har prova at «art-cinema» kan vera for alle, ifølgje programsjef Truls Foss. Han fortel at nøkkelen for dei har vore personleg entusiasme, ein sosialt inviterande profil og lågterskelarrangement som set filmane i kontekst.

– Til dømes opne festpremierar utan ekskluderande raud løpar, men med fagleg fokus. Ein etterprat med regissør Brady Corbet om «Vox Lux» gjekk ein time framfor ein nær fullsett sal med stort aldersspenn blant publikum.

Vega hadde òg suksesspremiere på ein «smal» film som Gaspar Noés danse-misantropi «Climax».

– Kompaniet Kiki House of Meraki dansa før filmen og det var etterfest på klubben Blå med MUD Session Oslo bak DJ-pulten. Det drog mange som ikkje er «filmnerdar» til kinoen – også for å sjå filmen på nytt.

Vega arbeider òg med å «læra opp» kinopublikum. Dei har Knøttekino med kvalitetsanimasjon tilpassa barn under fem år og Vega Ung for tenåringar, som lærer kritisk haldning til filmmediet via workshops, føredrag og innleiingar før filmvisingar.

– Programmet er fullteikna og populært.

Onsdag møtest norske filmformidlarar i Bergen. Ei statleg effektiviseringsreform trugar bransjen med kutt.

Film

– Filmformidling er eit prioritert felt i kulturmeldinga, men 90 prosent av offentleg filmstøtte går til produksjon, 10 prosent til formidling. Denne ubalansen gjer at vi har sett det naudsynt å arrangera eit formidlingskonvent, seier Tor Fosse, festivalleiar for Bergen Internasjonale Filmfestival (Biff).

Når filmdistributørar, kinoar og filmfestivalar møtest i Bergen på onsdag, er det ikkje berre for å feira Biffs 20-årsjubileum, men for å drøfta strategiar for ein bransje som driv på usikre vilkår. Den mest akutte uvissa er knytt til utfallet av varsla kutt i Norsk filminstitutt (NFI). Kutta er resultat av regjeringa sin avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform (ABE-reforma).

I sommar publiserte bransjenettstaden Rushprint eit NFI-notat som blant anna slår fast at «Støtteordningen til filmkulturelle tiltak tas ut i nåværende form» og «Tilskuddsforvaltningen av distribusjon legges om og effektiviseres».

Distributørar av kvalitetsfilm som Klassekampen har snakka med legg vekt på at denne støtta er «essensiell» for å halda oppe repertoarbreidde over heile landet. Dei fortel at digitaliseringa har gjort det teknisk lettare og rimelegare å distribuera aktuell film til eit geografisk spreidd publikum, men at det å trengja gjennom mediemylderet blir stadig vanskelegare.

Fakta

Bergen Internasjonale Filmfestival:

• Onsdag opnar Den 20. Bergen Internasjonale Filmfestival (Biff).

• Onsdag og torsdag er festivalen vertskap for eit konvent for filmformidling.

• Det er knytt spaning til komande kutt i den offentlege filmforvaltinga, som er styrt av Norsk filminstitutt (NFI).

• Biff varar frå 25. september til 3. oktober.

– Risikoen aukar, ikkje minst fordi kino er den eine plattforma som gjev inntekter, seier dagleg leiar i Mer Filmdistribusjon, Øistein S. Refseth.

Må brenna for filmane

Mer Film-filmar finst òg på Itunes, Altibox, Youtube og Canal Digital, men der er det lite pengar å henta.

– Filmbransjen hadde ein mykje sunnare økonomi før strøymetenestene kom og botn fall ut av DVD-marknaden, seier Refseth.

Inntektsspreiing og mangfald i bransjen er òg utfordra av «blockbusterifisering» på kino: Dei største filmane tar storparten av billettinntektene. I 2018 vart det lansert 250 nye filmar, men dei fem mest sette stod for 20,9 prosent av totalbesøket. Jamvel om tilbodet er variert, «delte» storfilmar frå USA (61,3 prosent) og Noreg (25,1 prosent) kinomarknaden mellom seg. Filmar frå resten av verda hadde samla berre 12,4 prosent av besøket (Film&Kino).

– Vi må arbeida mykje meir med kvar einskild lansering enn før, seier Svend B. Jensen, dagleg leiar i Arthaus:

– For ti år sidan hadde vi to og ei halv faste stillingar. I dag har vi like mange eller færre filmar årleg, men fem fulltidsstillingar.

I haust distribuerer Arthaus begge årets mest prisa Cannes-filmar, sørkoreanske «Parasitt» og franske «Portrett av en kvinne i flammer». Typiske titlar for distributøren, som fekk berre 0,6 prosent av kinobesøket i fjor. Gullpalmen hjelper ikkje.

– Slike filmar treng lanseringsbacking, og både vår innsats og risikoen på kino gjer at vi må vera kresne oppkjøparar. Arthaus tar berre inn dei filmane vi verkeleg brenn for.

Kino – ein sosial arena

Personleg engasjementet er òg credoet i Maria Ekerhovds Mer Film, eit lite produksjonsselskap som har gjort som store Hollywood-studio og oppretta sitt eige distribusjonsselskap.

– Det handlar om å ta ansvar for at filmane vi produserer når ut til publikum slik dei er tenkte frå filmskaparane. Vi som skal formidla filmen til publikum kjenner prosjektet innanfrå, frå starten. Det gjev meir kontroll for oss som ikkje berre har «safe» prosjekt, seier Øistein S. Refseth.

Mer Film følgde oppskrifta på Iram Haqs «Hva vil folk si», som skapte offentleg debatt, vann fire Amanda-prisar, sprengde grensa for 100.000 kinobesøk, drog nye publikumsgrupper til kino og nådde ut internasjonalt.

I haust arbeider Refseth på same, tette vis med Jorunn Myklebust Syversens «Disco», der «Skam»-stjerna Josefine Frida spelar ei sårbar jente i eit sekterisk frikyrkjemiljø. No samarbeider Mer Film med Mental Helse Ungdom.

– Vi har lært av lanseringsmetodane til dokumentarfilmprodusentar, fortel ­Refseth, som seier arbeidet hans i dag i stor grad er å laga kulturarrangement:

– Når folk ofte ser film åleine i sofaen, har kinoane vorte viktigare for å setja film i ein samanheng. Publikum ønskjer fagleg påfyll og debatt. Vi har opplevd at slike visingar får svært godt besøk, medan ei vanleg kinovising av filmar med utfordrande tematikk kan gå for tomme salar.

– Spesialvisingar har tatt heilt av. Filmar som ikkje er blockbusterar treng ofte ei ramme for å bli attraktive for publikum, samstemmer Svend B. Jensen.

Arthaus distribuerer Dag Johan Haugeruds kritikarroste «Barn». Også det ein film med eit krevjande utgangspunkt, der eit barn drep eit anna barn. Etter premieren i Venezia, har filmen vore på ein nasjonal kinoturne med regissør og skodespelarar.

– Kinoane er positive samarbeidspartnarar og det er gjevande, men også krevjande å få i stand spesialvisingar med nye partnarar for kvart arrangement. Utan støtteordningar vil denne typen filmformidling vera uråd.

guri.kulaas@klassekampen.no

Mandag 14. oktober 2019
Frp kaller det en seier at det ikke deles ut statsstipender neste år. Nå åpner regjeringen for å avvikle ordningen.
Lørdag 12. oktober 2019
I år er «Exit» og andre NRK-serier blitt omtalt 243 ganger på kanalens egne nyhetsflater. Ekspert på presseetikk Svein Brurås mener det svekker NRKs troverdighet.
Fredag 11. oktober 2019
Årets nobelpris i litteratur gikk til den omstridte øster­rikeren Peter Handke. Uttrykk for elendig dømmekraft, mener statsviter Bernt Hagtvet.
Torsdag 10. oktober 2019
Dagens vinnere av nobelprisen i litteratur bør si fra seg prisen, mener kritikere. Men forfatter Dag Solstad ville takket ja.
Onsdag 9. oktober 2019
Norsk filminstitutt må kutte i staben, og teatrene har 70 millioner kroner mindre å rutte med. Nå må ABE-reformen skrotes, mener kulturledere.
Tirsdag 8. oktober 2019
Kulturminister Trine Skei Grande (V) gir lokalavisene økt pressestøtte på bekostning av de største mottakerne. De rødgrønne partiene lover å stanse omfordelingen etter neste valg.
Mandag 7. oktober 2019
Høy pris og dårlig informasjon gjør at barn ikke går på kulturskolen. – Staten må få ned satsene, mener kulturskolerektor.
Lørdag 5. oktober 2019
Forbrukertilsynet krever reklame-merking av forlagsdrevne bokmagasiner på nett. – En nedvurdering av kulturelle produkter, mener medie­professor.
Fredag 4. oktober 2019
Artisten Aurora får massiv kritikk etter å ha forsøkt å skjule konserter i Tel Aviv. – Hvis du vil spille i Israel nå, må du virkelig ville det, sier kulturjournalist i Haaretz.
Torsdag 3. oktober 2019
Torsdag skrev IT-ansvarlig Børre Haugli under på en sluttpakke i Morgenbladet. Like etter ble han hyret inn av konsernet som konsulent for å gjøre den samme jobben som før.