Lørdag 21. september 2019
THRILLER-TRIKS: «Dei sju dørene» er skrive med ei utvungen blanding av alvor og ironi. FOTO: MARIUS VIKEN
Ekte detektiv
Leik: Ravatns nye roman veks seg større enn sin eigen krimintrige.

ANMELDELSE

Nina Wisløff, hovudpersonen i Agnes Ravatns nye roman, er professor i litteraturvitskap, av den litt matleie sorten som ein kan ha møtt i Dag Solstads lektorromanar. Nina nærmar seg pensjonsalder, men må enn så lenge utføre undervisingspliktene sine med det vesle ho har att av engasjement. Ho føreles stødig og traust om greske tragediar – om Aristoteles og Ødipus og skilnaden på hamartia og hybris – men blir ikkje akkurat møtt med stortenkte spørsmål frå den laptop-opplyste salen: «Gifta seg med mor si? What?» – «Skjedde det på ordentleg?»

Utanfor arbeidstid lever Nina helst etter eige lystprinsipp. Ho har ein mistanke om at litteraturvitskapen sprekk i sola, og takkar oftast nei til å ta del i offentlege debattar. Ein kveld stiller ho likevel på Litteraturhuset i Bergen. Dei skvaldrar om litteraturens inste vesen eller noko, og Nina er sjølvsagt dårleg budd. Ho kjem spontant i skade for å stille spørsmål ved litteraturvitarars nytteverdi og sender ein brennande kjepphest i galopp gjennom salen – og ut i offentlegheita: Litteraturvitarar burde ta seg jobb i politiet, seier ho, og ikkje nok med det: «Ein kan ikkje overlate noko så viktig som politiarbeid til politiet

Det Ravatn sår i denne scena, haustar ho med både tragisk og komisk kraft i resten av romanen. I dagane etter går Nina spissrotgang mellom skeptiske brilleblikk frå høgt-på-strå-humanistar og smigrande blunk frå instrumentaliseringsentusiastar i liberalkonservative tankesmier. Det dreg seg verkeleg til først då leigebuaren hennar brått blir borte. Litteraturforskaren blir privatetterforskar og får testa ut påstanden sin i praksis.

Fakta

ROMAN

Agnes Ravatn

Dei sju dørene

Samlaget 2019, 250 sider

Før ho går i gang med det, har Ravatn lagt Ninas familieliv som grunnlag i romanen. Det har ein tydeleg Marit Eikemo-eim over seg, med konfliktar som krinsar kring nye og betre jobbar, nye og betre hus, og nye (og betre?) barn. Det startar då bybanetraseen i Bergen blir planlagt å gå tvers gjennom barndomsheimen til Nina. Dottera Ingeborg ventar samstundes sitt andre barn, og heile storfamilien må difor flytte på seg. Dette er stress for familien, men går mest utover leigebuaren, som også må flytte ut. Leigebuaren forsvinn uforklarleg fort, og nokre dagar seinare er ho etterlyst i avisa.

Familieforteljinga og krimgåta viklar seg vidare saman på, ja, ganske innvikla, men også underhaldande vis. Krimmen stikk av med det meste av merksemda, men romanen held eit feste i det vanlege mellomklasselivet. Saman med kløktig bruk av greske tragediar, franske folkeeventyr og psykoanalytisk teori, sikrar kvardagskonfliktene at «Dei sju dørene» blir noko meir enn ei medrivande whodunnit?-historie. Det utviklar seg eit allegorisk plan i romanen som vekkjer både uro og ettertankar.

Det er eit poeng at det nettopp er ettertankar romanen vekkjer, for medan det står på, er tanken fullt og heilt oppteken med krimgåta. No ligg det i korta at Agnes Ravatn skriv krim med ein viss distanse til sjangerkrav- og forventingar, og det er sant nok meir humor, meir ektefølt eksistensielt alvor og fleire litterære leietrådar enn i krimromanar flest. Men om det tidvis er tøysete, og ikkje alt i plottet er like sannsynleg, er det likevel ikkje noko slumsete over måten Ravatn snekrar saman krimfortelj­inga på: Handverket er skikkeleg og intrigen genuint medrivande – ja, «Dei sju dørene» er i så stor grad styrt av intrigen sin, med twists and turns og uventa vendingar, at eg lenge er redd for at kasta i forteljinga ikkje skal gi avkastning i fortolkinga.

Fleire av dei boklege spora i romanen viser seg å vere blindspor, eller i alle fall sidespor, i krimgåta. Som svigerinna til Nina seier, med ein kommentar som er sjølvironisk på romanen sine vegner:

Du er jo eit nydeleg eksempel på kvifor litteraturvitarar nettopp ikkje bør inn i politiet. De ville ha snurra dykk inn i det eine høgkulturelle sporet etter det andre, mens den openberre løysinga heile tida låg rett framfor snuten på dykk.

Dei boklege blindspora er like fullt relevante for å lese noko meir enn spenning ut av romanen. Når eventyret om «Ridder Blåskjeggs Borg», der dei sju dørene i tittelen er henta frå, legg seg over forteljinga om Nina og familien, opnar det for refleksjon om misbruk av makt og privilegium, om behov, begjær og overgrep, om løgner og løyndomar i tilsynelatande vanlege liv.

No kan ein sikkert seie at Ravatn sikrar seg på alle kantar, med avvæpnande sjølvironi og spennande thriller-triks. Og sant å seie har eg lurt litt på om eg les romanen vel velvillig sidan eg elles har sans for Ravatns vittige og ujålete essayistikk. «Dei sju dørene» er kanskje litt knapp, om enn ikkje særleg kryptisk, i måten den dreg ut tematiske trådar knytt til metoo og vald mot kvinner på. Men eg opplever like sterkt at krim og mellomklasseliv, eventyr og familiekvardag, snurrar seg saman med ei utvungen blanding av alvor og ironi her, og at dei gjer det fordi romanen er intelligent og elegant komponert og fortalt. Den manglar slett ikkje ambisjonar om å underhalde, men tilfredsstiller i tillegg behovet for noko meir enn underhaldning.

Slutten på romanen tilfredsstiller til dei grader på handlingsplanet, men på det allegoriske planet er den ikkje fullt så tydeleg og ettergivande. Nettopp det gjer at «Dei sju dørene» veks seg større enn sin eigen intrige – slik god litteratur oftast gjer. Ravatn gir lesaren rom for ganske mørke kjensler og ettertankar, i ein roman som gir inntrykk av å vere fullt oppteken med å leikande nøste opp si eiga krimgåte.

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 12. oktober 2019
Ideologi: Linn Stalsberg viser hvordan nyliberalismen virker i kropp og sinn.
Lørdag 5. oktober 2019
Overblikk: Ingar Sletten Kolloen lykkes med å gi et helhetlig bilde av nordmenns krigserfaringer.
Lørdag 28. september 2019
Nærvær: Therese Tungen skriv langsame noveller med nerve.
Lørdag 21. september 2019
Leik: Ravatns nye roman veks seg større enn sin eigen krimintrige.
Lørdag 7. september 2019
Intens: Kaj Skagens selvbiografi er på samme tid stolt selvhøytidelig og nådeløst selvutleverende.
Lørdag 31. august 2019
Nabo: Bjarne Riiser Gundersen gransker både Sverige og sitt eget blikk på landet.
Lørdag 24. august 2019
Kjartan Fløgstads nye roman «Due og drone» kjem ut same år som han fyller 75, etter meir enn femti år som forfattar. I fjor kom Heming Gujords «Fløgstad verk», der særleg romanane blir grundig og perspektivrikt analysert og kommentert, med...
Lørdag 17. august 2019
Økonomi: Norske barn ligger an til å vokse opp i et land med like stor økonomisk ulikhet som i dagens Italia.