Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV og Senterpartiet sikra to tredelar av røystene i Nordkapp:

No får dei kontroll

NY ORDFØRAR: SV vann valet i Nordkapp i lag med Senterpartiet. SVs Jan Olsen vil sikra kontroll over inntekter og fleire heilårs arbeidsplassar. FOTO: SIV DOLMEN Siv Dolmen

VINNAR: Etter ein knusande valsiger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nordkapplatået.

Senterpartiet og SV vil gjere om planvedtaket i kommunestyret i juni som dei meiner gjev Rica monopol på drift av eit av dei viktigaste turistmåla i landet.