Mandag 26. august 2019
VELJARJAKT: Evy Kvamme freistar å overtyde Kai Ove Grenastad om å røysta SV, men veit at det ikkje vil hjelpe. Grenstad har aldri røysta SV og gjer det ikkje denne gongen heller.
Evy Kvamme kjempa mot bitcoinfabrikk i Dale. No står ho på SV-lista.
Valuta gav vekst i Vaksdal
AUKE: SV gjer det godt på meiningsmålingar i heile landet. I Vaksdal får partiet 23,7 prosent på lokal måling, opp 9,7 prosentpoeng frå valet i 2015.

Kommuneval

Konsul Jebsens gate i Dale ligg mest folketom denne regnfylte ettermiddagen.

SV har samla seg til stand med partileiar Audun Lysbakken som er på hastebesøk for å markere rekordmålinga for partiet i Vaksdal kommune. Evy Kvamme er ute i regnet for å kapre veljarar.

– Eg kjenner alle her, seier ho medan ho søker opp Kai Ove Grenastad som kjem frå butikken.

– Eg skal ikkje røyste på Evy, seier Grenastad.

Ho er ein god kandidat, meiner han, men Grenastad seier han vel eit anna parti på raud side.

– Du røystar ikkje på Ap, konstaterer Evy.

– Nei, men det går an å røyste på andre på raud side, seier Grenastad løyndomsfullt.

Fakta

SV i valkamp:

• SV stiller lister i 242 kommunar i haust. I 40 av desse har partiet ikkje stilt liste før.

• Kvinner har førsteplassen i 46 prosent av SV-listene, som ein liten framgang frå førre val.

• På dei lokale meiningsmålingane i august har SV framgang i høve til kommunevalet i 51 av 58 målingar.

• Framgangen er i gjennomsnitt på 3,6 prosentpoeng.

• I høve til stortingsvalet i 2017 er framgangen i gjennomsnitt på kring eit prosentpoeng.

Tok opp kampen

Evy har kasta loddet. I fjor vinter kom bitcoinproduksjonen til Dale.

2000 datamaskinar vart plasserte i dei tomme fabrikklokala til tekstilverksemda Dale Fabrikkar. Bråket frå maskinane som leita fram kryptovaluta frå verdsveven vekte motstand i Dale.

Ho ­organiserte motstanden som fekk Kryptovault til å flytte maskinane til Sverige. No s­atsar ho på kommune­politikken.

– SV har støtta kampen vår frå første dag, forklarer ho.

Gruppeleiar og lokallagsleiar Kjartan Haugsnes trur Evy er forklaringa på at partiet har heva seg frå eit særs godt lokalvalsresultat i 2015 til ei mykje betre meiningsmåling i august.

– Vi står sterkt i Stanghelle, den eine tettstaden i Vaksdal, men hadde ikkje same gode fotfeste i Dale. Det får vi no.

Ap vart straffa

Haugsnes har vore med sidan 2007. Då stilte SV på ny med liste. I desse åra har Arbeidarpartiet hatt ordføraren, men utan å samarbeide med SV.

Medan SV stig til nye høgder, fell Ap 11,5 prosentpoeng til 27,5 på meiningsmålinga Norfakta har gjort for Vaksdalsposten.

For partileiar Audun Lysbakken er turen til Vaksdal ein rein sjarmøretappe. Han skal berre kaste glans over eit lokallag som gjer det godt og snakke med lokalavisene.

Meiningsmålingar i einskildkommunar Klassekampen har henta inn frå nettstaden Poll of polls, syner at partiet ligg over valresultatet frå 2015 i 51 av 58 målingar i ­august.

I skuggen av bompengebråk i regjeringspartia og basketak mellom Ap og Senterpartiet ser SV ut til å få eit godt kommunevalresultat samanlikna med valet i 2015.

Satsar lokalt

– Bråket i regjeringa har teke merksemda vekk frå lokal­valkampen, men dette skjer i hovudstaden og i riksmedia. Vi har satsa på å få merksemd om lokale saker i lokale og ­regionale medium som er oppteken av det kommunevalkampen handlar om. Det trur eg har vore ein rett strategi.

Lysbakken seier noko av voksteren skuldast at SV har bygd organisasjonen, fått ­fleire lokallag og runda 16.000 medlemmer.

– SV har nytta valkampen til å snakke om to saker, miljø og ulikskap. Kampen mot klimaendringane er langt viktigare enn bompengar, seier han.

– Kva tyder dei lokale ­kandidatane?

– Vi sig fram samla sett, men vi ser mange sterke lokale utslag som ikkje berre har med den nasjonale tendensen å gjere.

– Kva har dei lokale kandidatane å seie?

– Vi gjer det bra ekstra bra der vi har lokale kandidater som nyter stor tillit, slik Kjartan og Evy gjer her i Vaksdal, seier Lysbakken.

Retting: I den opprinnelige versjonen av denne artikkelen sier førstekandidat Kjartan Haugsnes fra Vakstdal SV at Ap gikk inn for å legge ned grendaskolene i kommunen. Det er ikke riktig. Ap har heller ikke gått inn for å legge ned den ene av to sykehjem. Klassekampen beklager.

gunnarw@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 27. august 2019 kl. 09.21
Lørdag 21. september 2019
FORNØYD: Årets valg har vært en gamechanger for kampen mot profitt i velferd, sier Fagforbundets Mette Nord. Nå vil hun at staten skal brukes mer aktivt for et grønt skifte.
Fredag 20. september 2019
UTÅLMODIG: USAs ambassadør har møtt representanter fra utenrikskomiteen med klar beskjed: Norge må bruke mer penger på Forsvaret, eller risikere å stå alene.
Torsdag 19. september 2019
EKSTREMT: I kjølvannet av terrorangrepet mot moskeen i Bærum gikk antall tips til politiet om netthat og høyre­radikaliserte personer rett til værs.
Onsdag 18. september 2019
VIL SNAKKE: Flere LO-forbund har kontant avvist å inkludere MDG i en rødgrønn koalisjon i 2021. Nå inviterer MDG fagbevegelsen til samtaler.
Tirsdag 17. september 2019
KRAV: LO har krevd at Foodora gir fast ansettelse til et bud som ble innleid fra selskapet Easy Freelance under streiken.
Mandag 16. september 2019
ADVARSEL: Stasjonssjefen på Kongsberg advarte mot konsekvensene av politireformen. – Jeg forstår innbyggernes følelse av at de har tapt noe, sier Håvard Revå.
Lørdag 14. september 2019
LØFTEBRUDD: Politireformen ga løfter som ikke ble holdt. I Numedal kryper utryggheten inn i husene til folk. Frykten er at det som er blitt ødelagt, ikke lar seg reparere.
Fredag 13. september 2019
SKILLE: Private barnehager kan selv velge ut hvilke barn de vil tildele plass. Noen stiller som krav at foreldrene må kjøpe aksjer for å få barnehageplass.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.