Lørdag 24. august 2019
HISTORISKE TRANSFORMASJONAR: Kjartan Fløgstad demonstrerer at det ikkje finst noko «ferdig fortid». FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN
Samband: Kjartan Fløgstad tek djupe spadetak i historia og finn leidningar som fører inn i samtida.
Fabel om kabel

Kjartan Fløgstads nye roman «Due og drone» kjem ut same år som han fyller 75, etter meir enn femti år som forfattar. I fjor kom Heming Gujords «Fløgstad verk», der særleg romanane blir grundig og perspektivrikt analysert og kommentert, med forgreiningar til det Fløgstad har skrive i andre sjangrar og til stridane han har stått i. Eg les difor «Due og drone» med sterkt medvit om resten av forfattarskapen, og tyngda av den bidreg både positivt og negativt i vurderinga av det nye verket: «Due og drone» buktar seg gjennom same geografiske, historiske og ideologiske landskap som dei seinaste romanane hans, og gevinsten er stor når Fløgstad både vidareutviklar og utvider innsikter frå verk som «Grense Jakobselv» (2009), «Nordaustpassasjen» (2012) og «Magdalenafjorden» (2014). Samstundes finn eg færre litterære nyvinningar i årets roman, og opplever at Fløgstad ikkje er på veg vidare, men snarare djupare ned i sitt eigenrådige historiekritiske prosjekt.

«Due og drone» tek fråspark i 70-årsmarkeringa for frigjeringa av Aust-Finnmark i 1944, i Kirkenes i 2014, der utanriksministrane Børge Brende og Sergej Lavrov er til stades. Seremonien er høfleg og verdig, men meir stiv og korrekt enn ektefølt og entusiastisk: «Frigjerarar og frigjorde feira frigjeringa, dei frigjorde minst frimodig.» Spenninga mellom Aust og Vest, med utviklinga av Nato-Norge som springande punkt, blir eit leiande tema i romanen.

Fakta

ROMAN

Kjartan Fløgstad

Due og drone

Gyldendal 2019, 496 sider

Romanen bykser attende til krigstida og skildrar kampane ved Litza-fronten, nedbrenninga og tvangs­evakueringa av Finnmark, men også gardsliv og fabrikkarbeid, medløperi og motstand i Hardanger og Ryfylke under okkupasjonen. Fløgstad fører oss gjennom etterkrigstida, med varme skildringar av byliv på Bjølsen i Oslo og kjøligare skildringar av manglande eller mangelfulle oppgjer med økonomisk landssvik.

Mot slutten svevar romanen inn i vår samtid att, der ein sosialdemokratisk Nato-motstandar har blitt generalsekretær i Nato – tru det den som kan. I media og næringsliv har han vind i ryggen frå eks-radikale (ny)liberale samfunnsstøtter: Krig er fred, drapsdronar er fredsduer, slik namnet på konsernet KONGSFOSS AS Våpen for fred antyder.

På tidsstrekninga frå krigsåra til frigjeringsjubileet vandrar vi inn og ut av historiske rom, som Fløgstad har møblert med ei blanding av ekte og oppdikta personar, historiske og uhistoriske hendingar, falske og faktiske kjelder. Her lèt han språket setje historia i spel og fiksjonen fyre opp under det faktiske: Den historisk-litterære metoden til Fløgstad er givande og krevjande, og det er på same tid forvirrande og pirrande å lese romanen for første gong. Fløgstads historiske fiksjon har flust av forgreiningar – i tid, tanke og rom – og i strekk er det freistande å seie det slik romanpersonen Olav Ullvik Sima kunne ha sagt det: Det er mykje allslags her, og det kan bli vel mykje av mangt.

Olav Sima er den spreke og godlyndte småbonden frå Ulvik som blir storkar i advokatstanden, etter mellomstasjonar i industri og motstandsrørsle, etterretning og forretning. Etter krigen møter han Kcenia Nyslåttbuktmo på Bjølsen i Oslo, der ho arbeider i eit mjølkeutsal etter å ha blitt tvangsflytta frå Finnmark. Kcenia har mista det meste, har berre Pøyken sin att. Pøyken er eit barn av krigen, og Olav Sima blir stefar for den farlause guten. I advokatverda sel han sjela si og sikrar stesonen ei framtid: Han døyper Pøyken om frå Nyslåttbuktmo til Nyslott, og sender han ut på ei sosial reise frå slått til slott – frå slåtteteigar i Hardanger til kostskular i ærverdige fyrsteslott ved Genfersjøen i Sveits.

Reisa til Pøyken går ikkje nett dit ein skulle tru, til liks med dei andre reisene i romanen, som går på kryss og tvers, mellom slåttegras og silkestrå, Aust og Vest, Norge og verda. Det mest samlande eg kan seie om persongalleriet er at det er brokete, i nokre tilfelle stripete, og meir sosialt enn psykologisk samansett: Her finst det folk som vaskar og viskar vekk skuggane sine, folk som kryssar sine eigne spor og folk som dreg kablar tvers over kartet og tvers gjennom historia.

Kablar, leidningar, fibrar er merkelege, litt mystiske motiv i romanen. Dei kjem stundom til syne i romanlandskapet når nokon tek spadetak i jorda. Synlege kablar kan vise veg, spleise og sveise saman, stå for samhald og solidaritet. Dei kan opprette kommunikasjon og sikre fred, men også bryte saman med dårleg vedlikehald og kabelbrot. Underjordiske kablar kan òg vere teikn på hemmelege band og lyssky aktivitet. «Kor pengane kom frå?» blir det spurt ein stad i romanen: «[S]varet er at dei kjem frå dei skuggefulle og forjetta stadene der overklassen møter underverda.»

Fløgstad legg kablane fram, men etterlèt til lesaren å følgje dei til andre enden og eventuelt spleise dei saman. I tillegg til å vere ein roman om fred og frigjering, varm og kald krig, er «Due og drone» ein fabel om kabel – om kodespråk og skjulte signal, overvaking og undergraving, konspirasjonar og historiske transformasjonar.

Forutan nokre lågprisa poeng om nypietisme og nypuritanisme i metoo-rørsla er Fløgstad kvass i den historisk funderte og ideologisk orienterte samtidskritikken. Litterært sett opplever eg likevel at «Due og drone», i all sin viltveksande rikdom, står litt på staden kvil, og at den i strekk er meir omstendeleg og tunglabba enn tidlegare verk. Fløgstad demonstrerer like fullt med kraft at det ikkje finst noko «ferdig fortid», protesterer mot at «då var då og nå er nå».

bokmagasinet@klassekampen.no

Lørdag 21. september 2019
Leik: Ravatns nye roman veks seg større enn sin eigen krimintrige.
Lørdag 7. september 2019
Intens: Kaj Skagens selvbiografi er på samme tid stolt selvhøytidelig og nådeløst selvutleverende.
Lørdag 31. august 2019
Nabo: Bjarne Riiser Gundersen gransker både Sverige og sitt eget blikk på landet.
Lørdag 24. august 2019
Kjartan Fløgstads nye roman «Due og drone» kjem ut same år som han fyller 75, etter meir enn femti år som forfattar. I fjor kom Heming Gujords «Fløgstad verk», der særleg romanane blir grundig og perspektivrikt analysert og kommentert, med...
Lørdag 17. august 2019
Økonomi: Norske barn ligger an til å vokse opp i et land med like stor økonomisk ulikhet som i dagens Italia.
Lørdag 29. juni 2019
Overskyet: I Hanna Stoltenbergs lovende debut kolliderer fridager med vaklende livsfortellinger.
Lørdag 22. juni 2019
Samtykke: Jørn Jacobsens diskusjon av behovet for reform av voldtektsparagrafen er grundig, men overser sentrale problemstillinger.
Lørdag 15. juni 2019
Gullpenn: Bøkene om Elling er en språklig fryd, men vanskelig å bli berørt av.