Fredag 23. august 2019
FRIARFERD i AP-BASTION: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum helsar på årdølar som er på folkemøte. Blant dei frammøtte var òg ein tidlegare partileiar.
Kamp om klubba
TILSPISSA: Kampen om stemmene i Årdal er mellom fire parti.
INDUSTRI: Inni Tyin Kraftverk møter vi Tor Finnebotn og Raudts fyrstekandidat Stephan Øren.
VIL STYRE ALEINE: Aps ordførarkandidat Hilmar Høl siktar mot reint fleirtal.
HÅP: Arbeidarpartiet går ned i ei rekke kommunar, men i industri­bastionen Årdal siktar Ap mot reint fleirtal. Denne veka kom Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum på vekkingsmøte i bygda.

VAL 2019

– Eg har stemt Ap heile livet, seier Kjetil Karlsen, men det kunne nesten kven som helst sagt.

Me er nemleg i Årdal. Her har dei fleste stemt Ap i generasjonar.

Karlsen er berre passe opptatt av politikk, og litt overraska over at det berre er fire parti som stiller til val i år. For fire år sidan, var det fem.

– Var det ikkje Ap og Senterpartiet det stod om sist? spør han retorisk.

Jo, det var det. I tillegg stilte Høgre, Venstre og MDG.

– Heile bygda har alltid stemt Arbeidarpartiet, seier Karlsen.

– Neste veke kjem Jonas Gahr Støre, trur du han kan dra stemmer?

– Ja, det trur eg.

Han slikkar i seg ein gul is.

– Me har det ganske godt her. Eg meiner dei kunne lagt ned det eine bassenget. Det på Tangen. Det er berre utgifter, seier småbarnsfaren og tar sonen Dominic på tre opp på fanget.

Det er to tettstader i Årdal, Øvre Årdal og Årdalstangen. Mange på Årdalstangen er redde for at tenestene skal forsvinna og at all utvikling skal skje i Øvre Årdal.

Fakta

Ap i motgang:

• Meiningsmålingar henta frå Poll of polls tatt opp fram til i går, viser at Ap går opp i oppslutnad i 12 kommunar og ned i 56 kommunar.

• På ei måling Sentio har gjort for nettstaden Portalen.no, fekk Arbeidarpartiet 54,1 prosent av stemmene, fram frå 44,8 prosent i 2015. Senterpartiet gjekk tilbake frå 38,8 prosent til 34,4 prosent.

• I følgande kommunar har Ap gått fram: Bjørnafjorden (frå 0,1 prosentpoeng framgang til 2,7 på ulike målingar), Drammen (4), Åfjord (3,1), Ørland (2,2), Årdal (7,3), Nordre Land (2,1), Fauske (1,5), Frosta (3,6), Kongsberg (1,6), Nord-Fron (8,7) og Sør-Aurdal (2,6).

• Alle målingar er gjorde i august. Ein reknar med feilmarginar i alle.

Håp i Årdal

Er det til den gamle industribastionen Årdal me må for å finna eit Arbeidarparti i medvind?

Fallet var stort for fire år sidan. Mens Ap sopa inn 74 prosent av stemmene i 2011, raste dei ned til 44,8 prosent i 2015. Samstundes byksa Senterpartiet opp frå 14,1 prosent til 38,8 prosent.

Men har vinden tatt av for Senterpartiet i Årdal? Søker årdølane tilbake til partiet dei har stemt på i alle år?

Ei meiningsmåling Sentio nyleg tok opp i kommunen for nettavisa Porten.no, tydar på det. Her fekk Arbeidarpartiet 54,1 prosent, mens Senterpartiet tok eit par steg tilbake til 34,4 prosent. Men målinga er usikker. Utvalet var lite, feilmarginane store, og mange årdølar sit på gjerdet.

Klassekampen har gått igjennom meiningsmålingar gjort i 68 kommunar det siste året, publisert på nettstaden Poll of polls. I tolv av dei går Ap fram, i 56 går dei tilbake.

Folketalet får nedover

Lenge var Årdal eit av sosialdemokratiets utstillingsvindauge. I generasjonar har industrien vore berebjelken i kommunen. I løpet av tiåra etter krigen gjekk folketalet oppover og oppover og oppover. Frå i overkant av 2100 i 1946 til 7529 i 1970.

Industrien investerer framleis i Årdal. Arbeidsløysa er i dag på beskjedne éin prosent, ifølge Nav. Her er den grøne industrien. På smelteverket i Øvre Årdal produserer Hydro rein aluminium, mens sol­energiselskapet Norsun held til på Årdalstangen.

Men sjølv om tidene er gode for industrien, ser likevel prognosane for Årdal dystre ut. Mens det i dag bur 5227 innbyggarar i kommunen, skal det i 2040 berre bu 4252 her, meiner Statistisk sentralbyrå.

Vil ta klubba

Ordførarkandidaten til Ap vil gjera prognosane til skamme. Men fyrst skal han vinna valet.

– Eg har eit mål om å få reint fleirtal. Det er det ikkje tvil om.

Hilmar Høl har sjølv jobba i Hydro sidan slutten av 80-talet. I dag er han hovudverneombod. Han sit i sentralstyret til Arbeidarpartiet.

Høl tilhøyrar venstresida i Ap. Han er så langt til venstre som du kjem i Ap, seier han sjølv.

– Eg er kraftsosialist.

Han fortel at Årdal Arbeidarparti var eit av dei fyrste lokallaga i Ap som drog den omstridde Acer-saka inn i fylkespartiet, der han sjølv var fylkesleiar, og inn i landsstyret til Ap.

Han er trygg på at avtalen Ap landa på med regjeringspartia, står seg.

– Eg må tru at ein parlamentarisk avtale på Stortinget står seg, seier han.

Høl kjempa hardt.

Industrien betyr alt for Årdal. Den billege krafta er konkurransefordelen.

– Utan industrien knekk denne plassen saman.

Kva var det som gjorde at Ap fall så kraftig for fire år sidan og Sp byksa oppover?

– Mange kalla det eit protestval, seier Høl. Han vil ikkje bruka det ordet.

– Det var ein normal reaksjon då folk mista ei teneste.

Årdal er kjent for å ha to av alt. Det fremste symbolet på velstanden er kanskje alle utebassenga i kommunen. To i Øvre Årdal og to på Årdalstangen.

Før valet for fire år sidan blei dei to legekontora i kommunen slått saman. Legekontoret på Tangen blei lagt ned.

– Me må tola at folk meiner me ikkje gjorde jobben så godt, seier Høl.

Og han lover å utvikla både Øvre Årdal og Tangen.

Raudt stiller for fyrste gang

Mens Senterpartiet er den store motstandaren, stiller Raudt med liste i Årdal for fyrste gong i år. Stephan Øren er fyrstekandidat. Han jobbar i Hydro Energi og sit i styret i LO i Årdal.

Han tar oss med to kilometer inn i fjellet i Tyin Kraftverk, som stod ferdig i 2004.

– Korleis har Ap-dominansen gjennom alle år har prega Årdal?

– Folk har det godt, men alle sakene har blitt avgjort før formannskapet og kommunestyremøtet. Det er tre–fire personar som har tatt avgjerder, meiner han.

Han trur mange er glade for at Raudt stiller som eit alternativ på venstresida.

– Folk heier litt på oss, seier han.

Han meiner det ikkje er så stor forskjell på Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Dei har lyst å ha ordførarklubba begge to, så då kan dei ikkje samarbeida.

Inne i fjellet, på kontrollrommet i kraftverket, sit barnebarnet til ein av dei som var med å stifta Arbeidarpartiet i Årdal. Tor Finnebotn har vore i Hydro i 42 år, både på smelteverket og no i kraftverket.

– Eg kjem mest sannsynleg til å stemma på han der, og det er ikkje fordi eg jobbar med han, seier Finnebotn, og peikar på Raudt sin kandidat i Årdal.

– Eg som er arbeidar, vil ha tilbake arbeidarpartiet. Då blir det Raudt, seier han.

Stemmer Sp for fyrste gang

Onsdag kveld, mens Hilmar Høl og andre i Ap planlegg besøket til Jonas Gahr Støre til veka, står Sp-sjef Trygve Slagsvold Vedum på scena i kinosalen på Årdalstangen. Tidlegare leiar Liv Signe Navarsete, som er frå nabokommunen, sit i salen.

Folk ler og klappar. Stemninga er god. Vedum snakkar om Sp som den sterkaste motkrafta til regjeringa på fleire område. Om reformer og avgiftsauke. Han snakkar om olje og gass. Om kontroll over norsk natur, om låge straumprisar, industri og arbeidsplassar. Om klasseskilje og sosiale forskjellar.

Rundt hundre møtte for å høyre på Vedum, melder dei som har talt folk i salen.

– Det som for fire år sidan var bakstreversk, er no populistisk. Å kjempa for lensmannskontor, er populistisk i Norge, seier Vedum.

Vedum si tid

Alt ser ut til å gå vegen for Senterpartiets leiar. For ei tid tilbake blei bilen han sat i, stoppa i trafikkontroll. Mens politimannen skreiv ut fartsbot, delte han sin frustrasjon over politireforma. Vedum drista seg til å spørje om han ikkje ville bli medlem i Senterpartiet. Ja, svarte politimannen.

– Er det viktig å vinna Årdal?

– Ja, det er jo det. Og i Sauda har me vore over 50 prosent på ei måling, seier Vedum.

– Er Senterpartiet det nye Arbeidarpartiet?

– Eg meiner me har vore det alltid, seier Vedum.

Ifølge ordførarkandidat Aleksander Øren Heen stiller dei med åtte industrifolk på lista si, i alle fall viss ein inkluderer ein pensjonist.

Ap har fleire, svarar Høl.

No skal Øren banka på dører og stå på stand.

– Det er eit ordførarval mellom meg og Hilmar Høl, seier han.

Sp kjem ikkje til å støtta ein Ap-ordførar, ifølge Øren.

– Kva er forskjellen på Ap og Sp?

– Me vil gjera det attraktivt på begge tettstadane. Rivalisering mellom dei to tettstadane er uheldig.

Øren har komme tilbake til Årdal etter å ha vore politisk rådgivar for Sp på Stortinget nokre år. Han har like kort veg til rikspolitikarane som Høl, som sit i sentralstyret til Ap, meiner han.

– Eg har stortingsgruppa på Snap, seier Sps håp i Årdal.

Margot Strøm og Øyvind Jevnaker synst Vedum var god.

Jevnaker vil ikkje avsløra kven han skal stemma på. Valet er hemmeleg. Men han tilhøyrer venstresida. På 70-talet sat han i kommunestyret for Ap.

Dei meiner kløfta mellom dei to tettstadane er veldig djupe. Nedlegginga av legekontoret var ikkje bra.

– Det er som Israel og Palestina her, seier Jevnaker.

Strøm har med unntak av eitt år, då det var eit alternativ lengre ute til venstre, stemt Ap.

– Me er årdølar, og då er me sosialdemokratar. Men eg skal stemma Sp, seier Strøm.

annekarih@klassekampen.no

Lørdag 21. september 2019
FORNØYD: Årets valg har vært en gamechanger for kampen mot profitt i velferd, sier Fagforbundets Mette Nord. Nå vil hun at staten skal brukes mer aktivt for et grønt skifte.
Fredag 20. september 2019
UTÅLMODIG: USAs ambassadør har møtt representanter fra utenrikskomiteen med klar beskjed: Norge må bruke mer penger på Forsvaret, eller risikere å stå alene.
Torsdag 19. september 2019
EKSTREMT: I kjølvannet av terrorangrepet mot moskeen i Bærum gikk antall tips til politiet om netthat og høyre­radikaliserte personer rett til værs.
Onsdag 18. september 2019
VIL SNAKKE: Flere LO-forbund har kontant avvist å inkludere MDG i en rødgrønn koalisjon i 2021. Nå inviterer MDG fagbevegelsen til samtaler.
Tirsdag 17. september 2019
KRAV: LO har krevd at Foodora gir fast ansettelse til et bud som ble innleid fra selskapet Easy Freelance under streiken.
Mandag 16. september 2019
ADVARSEL: Stasjonssjefen på Kongsberg advarte mot konsekvensene av politireformen. – Jeg forstår innbyggernes følelse av at de har tapt noe, sier Håvard Revå.
Lørdag 14. september 2019
LØFTEBRUDD: Politireformen ga løfter som ikke ble holdt. I Numedal kryper utryggheten inn i husene til folk. Frykten er at det som er blitt ødelagt, ikke lar seg reparere.
Fredag 13. september 2019
SKILLE: Private barnehager kan selv velge ut hvilke barn de vil tildele plass. Noen stiller som krav at foreldrene må kjøpe aksjer for å få barnehageplass.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.