Lørdag 10. august 2019
FÅR IKKJE STILLE: Advokat Lyubov Sobol har kjempa mot korrupsjon og vil stille til val til Moskvas byråd. Her arresterer russisk politi Sobol i Moskva 3. august. FOTO: DMITRY SEREBRYAKOV, AP/NTB SCANPIX
Populariteten til Russlands president Vladimir Putin er på sitt lågaste sidan 2006:
Strammar grepet før val
MOTSTAND: Fleire tusen demonstrantar er arresterte før det kommande lokalvalet i Moskva. Det er varsla nye demonstrasjonar i dag.

Russland

Sidan midten av juli har fleire tusen russarar demonstrert for eit fritt og rettferdig lokalval i Moskva 8. september.

Demonstrasjonane er ein reaksjon på at 57 av 62 uavhengige kandidatar vert nekta å stille til val til byrådet. Valkommisjonen meiner at underskriftene kvar kandidat er pålagt å samle inn, ikkje held mål for 57 av dei. Kommisjonen hevdar også at dei har nytta signaturar til menneske som ikkje finst eller er døde.

Kandidatane på si side meiner det er politisk motivert at dei vert heldt utanfor. Dei krev å få stille.

I samlinga av protesterande russarar laud slagordet: «For frie val».

Fleire politikarar frå opposisjonen har oppmoda til protest mot utestenginga. Fleire har fått heimane sine storma av russisk politi, og mange er blitt fengsla.

Fakta

Val i Moskva:

• 8. september er det lokalval i Moskva.

• Det regjeringsvenlege partiet Sameint Russland kontrollerer bystyret i Moskva. Dei styrer mellom anna over regionsbudsjettet.

• 57 av 62 uavhengige opposisjonskandidatar som ynska å stille til val i Moskva, har blitt nekta av valkomitéen.

• Med slagorda «for frie val» har mange tusen delteke i demonstrasjonar i Moskva sidan midten av juli.

• Det bur drygt 144 millionar menneske i Russland. Om lag 21 millionar lever i fattigdom.

Knebla opposisjon

Opposisjonsleiar Aleksej Navalnyj vart først fengsla, før han vart utsett for eit mogleg giftangrep i slutten av juli.

Navalnyj vart frakta til sjukehus og skriven ut måndag 29. juli. Ein av legane som behandla Navalnyj, sa at symptoma han viste, var forårsaka av eit «ikkje identifisert kjemisk stoff».

Protestane, som er av dei største på ei årrekke i Russland, enda både 27. juli og 3. august med at fleire tusen demonstrantar vart arresterte. Det er varsla demonstrasjonar i dag, tredje laurdag på rad.

– Demonstrasjonane var fredfulle. Det var ingen grunn til å angripe dei slik politiet gjorde, seier menneskerettsforkjempar Andrej Yurov på telefon med Klassekampen frå Moskva.

Russisk politi anslo at om lag 3500 demonstrerte laurdag 27. juli, medan BBC skreiv at det var om lag 20.000.

Foreldreparet Dmitirij og Olga Prokazov risikerer å miste foreldreretten over sin eitt år gamle son, etter å ha tatt han med til ein demonstrasjon. Statsadvokaten i Russland skriv at fleire andre foreldre som hadde born med seg, vert etterforska.

Dmitrij og Olga Progazov fortalde BBC at dei berre var ute og spaserte, men at dei sympatiserer med protesten og at dei møtte Dmitirijs fetter, som er aktivist. Skuldinga går ut på at paret gav barnet til fetteren da han forsøkte å komme unna politiet.

I utsegna frå statsadvokaten heiter det: «Ved å utnytte barnet har dei misbrukt makta si som foreldre og skada interessene til sonen sin.»

– Dessverre lever me i eit land kor det ikkje er rettstryggleik. Russiske styresmakter respekterer ikkje grunnleggjande prinsipp og menneskerettar, seier Yurov til Klassekampen.

USA publiserte kart

I forkant av marsjen laurdag 3. august gjekk den amerikanske ambassaden i Moskva ut på nettstaden sin og åtvara amerikanarar.

Vedlagt var organisatorane av protesten sitt russiske kart over protestruta. Ambassaden skreiv at protesten ikkje var godkjend av styresmaktene, og at det truleg kom til å vere mykje politi til stades.

«Amerikanske statsborgarar bør unngå protestruta», skreiv dei.

Dette vekte reaksjonar i regjeringa.

Maria Zakharova, talskvinne frå utanriksdepartementet i Russland, sa til russisk stats-tv:

«Den amerikanske ambassaden i Moskva har vore aktivt involvert i (vår) innanrikspolitikk, då dei publiserte det detaljerte kartet som synte ruta, ei såkalla spaserrute.»

Kreml-venlege ligg godt an

Med valet ein knapp månad unna er dei regjeringsvenlege kandidatane stadig mindre populære og kandidatane frå opposisjonen stadig meir populære, ifølge nyhendebyrået Euronews.

– Styresmaktene i Russland har ikkje uavgrensa makt. Dei må ta omsyn til menneskerettane, seier Yurov.

No har president Vladimir Putin den lågaste tilliten sidan 2006. Årsaka er mellom anna nedgang i reallønna og ei lovendring som auka pensjonsalderen frå 60 til 65 år. I Russland var venta levealder for menn 67 år i 2017.

pernilleg@klassekampen.no

Mandag 14. oktober 2019
SAMTALER: Etter nesten to uker med protester gikk urfolksbevegelsen Conaie lørdag med på å møte president Moreno. Like etter ble det innført portforbud i hovedstaden Quito.
Lørdag 12. oktober 2019
SOLIDARITET: Tyrkiske styrker rykker lenger inn i Syria. Natos generalsekretær Jens Stoltenberg sier han forventer at medlemslandene i alliansen fortsetter å støtte Tyrkia militært.
Fredag 11. oktober 2019
FLYKTER: Tobarnsmora Haifa Mohamed (34) er på flukt fra bombene. Hun er livredd for ungene sine, men sverger på at Tyrkia ikke skal ta fra henne hjem­landet.
Torsdag 10. oktober 2019
I GANG: I går varslet Tyrkia at invasjonen av Nord-Syria er iverksatt. Kurderne ba sivile komme til grensa for å forsvare området. – Norge må bruke maksimalt press mot Tyrkia, sier SVs Audun Lysbakken.
Onsdag 9. oktober 2019
ANSPENT: Donald Trump får motstand fra Pentagon etter å ha gitt grønt lys for en tyrkisk offensiv mot kurderne. – Vi forbereder oss på krig. Folk her frykter for sine liv, sier talsperson for kurderstyrker i Syria.
Tirsdag 8. oktober 2019
FRITT FRAM: Tyrkia får fritt leide av USA til å invadere Nord-Syria. – Vi sviktes igjen, sier utenrikspolitisk talsmann for de kurdiske selvstyremyndighetene.
Mandag 7. oktober 2019
NOK: I går demonstrerte irakere for sjette dagen på rad. De krever slutt på den sekteriske maktfordelingen som fulgte den amerikanske invasjonen i 2003, sier irakisk forsker.
Lørdag 5. oktober 2019
VALG: Avtalen om valg i Øst-Ukraina kan gi god tur til Paris i oktober.
Fredag 4. oktober 2019
GAMBLER: Kan Boris Johnson klare det umulige – å få ja til en brexitplan fra både EU og det britiske parlamentet? Flere mener det ikke er det han prøver på.
Torsdag 3. oktober 2019
PLAN: Boris Johnsons har lagt fram et forslag til brexit-plan. Hoved­problemet ligger i Nord-Irland, der Johnson nå aksepterer en åpen grense til EU. Alternativet er «no deal», sier han.