Lørdag 3. august 2019
FRÅ NUMMER 2 TIL NUMMER 1: AUF-arar frå Nordland har laga fotballtrøye til ære for Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran. Denne veka deltok han på sin fyrste AUF-sommarleir.
• Bjørnar Skjæran er klar for første valkamp som Ap-topp • Nestleiaren vil ha bane til Tromsø
Lovar å kjempe for bane
KLAR TIL KAMP: Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran vil ikkje akseptere ei skrinlegging av Nord-Noreg-banen. Han meiner regjeringa «herjar» med lands­delen.

Val 2019

– Folk i Nord-Noreg er rett og slett forbanna over resultatet etter seks år med høgrepolitikk, seier Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran.

Vi møter Skjæran på AUF sin sommarleir på Utøya. Der har han nettopp gjort ein middels innsats som målvakt og slept inn to mål i ein fotballkamp mellom AUF i Nordland og AUF i Troms og Finnmark.

Den tidlegare Lurøy-ordføraren har sjølvsagt spelt for heimfylket Nordland. AUF-arane spelte i drakter med påskrifta «Velkjente Bjørnar», eit ordspel på VG sin omtale av den ferske Ap-toppen som «ukjente Bjørnar».

For nordlendingar er ikkje Skjæran eit ukjent fjes. No sparkar han i gang valkampen med eit forsvar for distrikstoppgjeret i nord. Tysdag sa Skjæran til NRK at Arbeidarpartiet vil gå vidare med Nord-Noreg-banen.

– Det er openbert at det ville vore fantastisk for både folk og næringsliv i Nord-Noreg å få ein samanhengande jernbane frå trøndelagsgrensa og opp til Tromsø. Det vil binde i hop landsdelen, og det treng den etter å ha blitt herja med av denne regjeringa i seks år.

Fakta

Ap i Nord-Noreg:

• Bjørnar Skjæran vart valt til ny Ap-nestleiar i april. Han er òg gruppeleiar for Ap på fylkestinget i Nordland.

• Ap taper terreng i Nord-Noreg, medan Senterpartiet går fram.

• På ei måling Infact har gjort for Nordlys i juli, får Ap ein oppslutnad på 22,5 prosent samla i Nordland, Troms og Finnmark. I lokalvalet i 2015 var oppslutnaden 36,4 prosent.

• Sp får 23,9. Det er ein framgang på 14,6 prosentpoeng sidan valet i 2015, då Sp fekk ein oppslutnad på 9,3 prosent.

Kjelde: Nordlys, Poll of Polls

– Regjeringa vil skrinlegge

Nord-Noreg-banen har vore greia ut fleire gongar. Den nyaste utgreiinga er frå i år og slår fast at banen kan kome til å koste 120 milliardar kroner.

Skjæran meiner utgreiinga ikkje held mål og at regjeringa har bestilt den med mål om å kunne leggje prosjektet på is nok ein gong.

– Vi nektar å akseptere den skrinlegginga av prosjektet som Erna Solberg eigentleg tek til orde for. Regjeringa har lagt fram ei utgreiing som ikkje held mål. Ein har ikkje gått inn i dei moglegheitene som ligg i at det skal byggjast ny E6 i området. Kan det vere synergiar der, kan ein få ned kostnadene?

Nordnorske vintervegar

På eit debattmøte i Tromsø tidlegare i år, skal statsminister Erna Solberg ha trekt fram sjåførlause vogntog-kollonar som eit framtidsretta alternativ til jernbane.

– Når Erna Solberg står i Tromsø og seier at autonome (sjølvkøyrande, red.anm) køyretøy skal vere løysinga for å eksportere verdiar frå Nord-Noreg, på nordnorske vintervegar, så er det fleire enn meg som trekk på smilebandet, seier Skjæran.

– Eg har drive lastebilfirma i sju år og brøytt vegar i Nord-Noreg mellom 2007 og 2013. Då var det starten på det vi ser med sosial dumping i utanlandske trailerar. Dei låg strøydde i grøftene så snart det var glatt! Så skal du plassere autonome køyretøy i lag med dei, i grøftene? Det blir ei løysing som ingen trur på.

Skjæran seier til NRK at Ap no vil ta initiativ til endå ei ny utgreiing av prosjektet.

Vil ikkje ha by mot land

«Aps nye distriktsalibi vil ikkje kjempe mot Senterpartiet», skreiv ABC Nyheter då Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum dagen før Ap sitt landsmøte i april sa til Nationen at «det er Senterpartiet som fører en politikk for arbeidsfolk».

– Men eg vil åtvare sterkt mot å la denne valkampen handle om by mot land, seier Skjæran.

– Om lag halvparten av folk i Noreg bur i distrikta, den andre halvparten i byane. Skal vi halde fram med å utvikle Noreg til å vere verdas beste land å bu i, kan vi ikkje ha ei konfliktlinje mellom by og land, seier han.

– Har Ap vore gode nok på distriktspolitikken dei siste åra?

– Politikken vår er det ingenting feil med. Men openbert har vi ikkje vore flinke nok til å formidle den. Sosialdemokratiet sin metode er å finne løysingar som samlar breitt. Det betyr at i veldig polariserte debattar, så passar vi ikkje inn ytst på ein fløy.

Kjernen i opprøret

Slik Skjæran ser det, handlar distriktsoppgjeret i nord om fleire ting: Sveltefôra kommunar og fylkeskommunar utan ansvar, tvangssamanslåingar, kutt i ambulansetilbod. Samstundes har oppgjeret to kjernar, seier han: Sviktande folketalsutvikling gjennom fleire tiår, og sentralisering av statlege arbeidsplassar.

I område der primær­næringane er viktigast, er det stor innovasjon og effektivisering. Det gjer arbeidsplassane færre.

– Bøndene har bytta ut hesje­staur med rundballepresser, og mjølkeroboten har gjort sitt inntog. Går du inn i ein moderne sjark, er det nesten som å gå inn i ein F16. Effektivt, men det gjer at sysselsettinga i primærnæringane går ned, seier han.

Då er det avgjerande med ein aktiv næringspolitikk for å skape nye arbeidsplassar ute i distrikta, meiner han.

– Det har mangla totalt under denne regjeringa. Næringsnøytralitet er mantraet. Uansett kven eg snakkar med blant næringsorganisasjonar, så seier dei at det er bruk for ein aktiv næringspolitikk.

Skulemat, ikkje skattekutt

Målvakta Skjæran er i ferd med å få att pusten der han sit på trappa til hovudhuset på Utøya. Dette er hans første sommarleir med AUF. Han kom seg aldri til Utøya i sin korte periode i ungdoms­partiet før lokalpolitikken tok overhand.

Etter 22. juli har det blitt nokre turar, men aldri ein som i dag, med yrande folkeliv og fotball på grassletta. Nede ved kaia legg MS Thorbjørn til kai, og Kim Friele går på land. Snart skal ho snakke om homokamp med ungdomen på øya. Skjæran løfter blikket utover og vil seie nokre ord om Ap sin store valkampsak: skulemat.

– Ap har vore eit sosial­demokratisk parti sidan tjuetalet. Vår politikk har handla om å byggje det som svenskane kallar «folkhemmet». Det har vi bygt stein på stein, gjennom reform på reform. Vi kan ikkje innføre folketrygda ein gong til, men dette handlar om det same. No ser vi ei utvikling som der mange unge kjem på skulen utan å ha ete og utan å ha med matpakke. Du kan seie det er foreldra sitt ansvar. Men nei, vi må ta eit felles ansvar for det. Det er det som er ei sosial­demokratisk tilnærming.

– Korleis skal de få råd?

– Vi er allereie i gang med det fleire stader der Ap har ordføraren. I den augeblinken vi kjem i regjering, vil kommunane få statleg draghjelp. Men vi er i gang, vi rullar det ut og finn plass i budsjetta. Vi prioriterer ikkje kutt i formuesskatten.

politikk@klassekampen.no

Tirsdag 20. august 2019
KRISE: – Dersom andre partier ikke synes at Granavolden-erklæringen er god nok, så får de trekke seg fra regjeringen, sier Venstre-ordfører Lena Landsverk.
Mandag 5. august 2019
LÅGE SKULDRER: Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran er ikkje uroa for Fellesforbundet sitt EØS-krav. Ap kjem ikkje til å endre syn, seier han.
Lørdag 3. august 2019
KLAR TIL KAMP: Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran vil ikkje akseptere ei skrinlegging av Nord-Noreg-banen. Han meiner regjeringa «herjar» med lands­delen.
Mandag 29. juli 2019
LØNN: Fem prosent av private barne­hager har ikke tariffavtale. Private barnehagers landsforbund (PBL) vil at det ikke skal være noen vei utenom. De får støtte fra Utdanningsforbundet.
Lørdag 27. juli 2019
VIL UTFORDRE: Ap sliter på målingene foran kommunevalget. Likevel øyner partiet håp om å kapre Høyre-bastionene Stavanger og Kristiansand.
Torsdag 25. juli 2019
RAMME: Regjeringen vil ikke fremme den omstridte nasjonale ramma for vindkraft til Stortinget. Nå krever både SV, Sp og MDG å få saken til behandling.
Onsdag 24. juli 2019
IRAN: Regjeringen bekrefter at den vurderer å bli med i fransk-britisk koalisjon i Hormuzstredet. KrF er positive, mens Rødt, SV og MDG advarer.
Mandag 22. juli 2019
NY DEBATT: Nei til EU varsler kamp mot EUs fjerde energipakke som de mener vil gi Acer enda mer makt. Miljøorganisasjon er positiv, mens Ap ikke har tatt stilling ennå.
Fredag 19. juli 2019
KRAV: Frp mener innvandringsforskningen er «ensidig og politisert». Nå vil de stille krav om meningsmangfold i forskningen. – Farlig, svarer Ap.
Torsdag 18. juli 2019
TVANG: FpU ber regjeringen lovpålegge kommunene å konkurranseutsette sykehjem og hjemmetjenester. Forslaget slaktes av forsker.